Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Måsøyra og Sjøkanten

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Total lengde rundtur (km)

2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Sjøkanten er namnet på gata og gangvegen langs småbåthamna.
Frå Sjøholt småbåthamn
Frå nordmoloen ser du vestover Sjøholtstranda
Frå Måsøyra ser du utover Ørskogvika og Storfjorden

Måsøyra og Sjøkanten

Fotograf: Gunnhild Todal og Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Parker ved Ørskog kyrkje. Området her er idyllisk, også ned mot Prestevøren på vestsida av kyrkja. Gå brua over elva og det er flott utsikt austover langs Elvastien og Ørskogelva og vestover Storfjorden. Ved Måsøyra er det planlagt rasteplass og aktivitetar, men dette er ikkje utført enda. Elvaosen mot kyrkja er idyllisk og fredeleg. Ved Måsøyra er det eit rikt fugleliv spesielt ved fjøre sjø. Du får nærkontakt med sjøen og fuglelivet fordi det stikk ut ein tørr tange. Her kan du gå langt utover fjøra. Vidare er småbåthamna eit godt og roleg område med benkar der du kan sitte og nyte utsikta over hamna, fjorden og fjella. Vi ser Sjøholtstranda, Liafjellet i nordvest og Verahornet mot nordaust. Fin kveldstur med alle lysa frå hus og gatelykter.

Kvar i terrenget går turen?

Parker ved Ørskog kyrkje og gå brua over elva. Hald fram langs gangvegen til du passerer eit stort brunt hus. Her tek du av til venstre og går over til småbåthamna. Her kan du først gå ut på moloen til høgre, gå tilbake og gå ut på moloen på venstre side. Mot sør ligg Måsøyra ved munningen av Ørskogelva. Dette er eit fint naturområde. Gå gangvegen tilbake til Ørskog kyrkje.

Kulturminne

Ørskog kyrkje ligg i Ørskog sokn i Austre Sunnmøre prosti. Ho er bygd i tre og blei oppført i 1873. Kyrkja har langplan og 600 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus listeført. Arkitekt: J.W.Nordan.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Parker ved Ørskog kyrkje, eller ved Småbåthamna.

Kvar kan du parkere?

Ørskog kyrkje, eller ved Småbåthamna
HC - parkering ved Ørskog kyrkje

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 2
Total lengde rundtur (km) 2
Stigning meter grader
Total stigning Nesten flatt Høydemeter

Offentlig transport

Timeekspressen og Fjord 1

Mobildekning

Ja