Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde en vei (km)

3,8 km overgangstur

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Lomstjønna med Vanylvsfjella i bakgrunnen
Syvdsfjorden sett frå råsa frå Skredestranda til Lomstjønna
På styggeverstur til Lomstjønna
Veten og Nyksvatnet sett frå Lomstjønna

Lomstjønna

Kvifor gå denne turen?

Lomstjønna er ein liten topp som ligg ved vatnet Lomstjønna på sørsida av Nyksvatnet. Fin utsikt mot Vanylvsfjella og mot Nyksvatnet og Veten. Larsnes IL har trimpost på Lomstjønna.

Kvar i terrenget går turen?

Lomstjønna har tilkomst frå Larsnes og frå Skredestranda.Frå Larsnes startar du ved vassverkshuset i Dalen. Du går då traktorvegen som går opp gjennom skogen, du kjem då til ein gapahuk, råsa går då over elva og austover myrane til du kjem til Lomstjønna. Frå Skredestranda startar du ved leikeplassen på Slettestøl. Gå over leikeplassen, råsa startar i vestlegaste hjørnet av leikeplassen, der er ein traktorveg, den skal du ikkje gå, for råsa går rett opp gjennom skogen i svingen på traktorvegen. Råsa går i sikksakk bratt oppover i tett skog, går så mot vest, deretter mot nord. Når du kjem oppom skogen går råsa over nokre myrar, når du kjem opp til flata før Nyksvatnet står der eit skilt mot Veten, her tek du til venstre og går oppå kanten, råsa går då utover myrane på sørsida av Nyksvatnet og ut til Lomstjønna. God rås på begge alternativa. Dersom du har skyssmoglegheiter er dette ein fin overgangstur. Lengdene som er oppgitt er som overgangstur.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Larsnes; Ta av frå fv 61 i vegkryss på nordsida av Larsnes sentrum skilta mot sjukeheim og kyrkje. Køyr 750m og ta til høgre etter prestegarden, køyr 100m og ta til venstre ved kyrkja, køyr 750m og ta til venstre opp til vassverkshuset og parker her. Frå Skredestranda; Ta av frå fv 61 ved Årvik ferjekai, køyr 700m og ta til venstre i kryss før Liset feriesenter, køyr 150m og parker ved leikeplassen.

Kvar kan du parkere?

Larsnes; ved vassverkshuset i Dalen. Skredestranda; ved leikeplassen på Slettestøl.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,8
God sti 3
Lengde en vei (km) 3,8 km overgangstur
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 22
Bratteste helning ned 100 22
Total stigning 350 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no