English

Løsetnakken

Fjord

Kort om turen

Fin, men bratt tur på 2 km til stølsområdet Løsetnakken. Der finn du turkasse på løe nedst på stølen.Dersom du vil gå litt lengre, kan du sjå etter ei rås øvst og til venstre på stølen. Den går til ein stad som blir kalla Orreberget, der har du fin utsikt til blant anna Mosætra. Råsa til Orreberget er ikkje merka, men lett å finne. Du brukar om lag ein halv time tur/retur på denne ekstraturen.

Ruteskildring

Bratt tur på grusa traktorveg nesten fram til Løsetnakken. 220 høgdemeter frå start. Øvst på traktorvegen tar du av til høgre og går om lag 100 meter på merka sti til Løsetnakken.Ved nedbør kan det vere våte parti på traktorvegen.

Tilkomst og parkering

Frå Stordal sentrum køyrer du mot Valldal. Etter omlag 5 km passerer du krysset til Overøye og fortsett om lag 1,6 km til du har passert Løset. Avkøyring til venstre. Ved start er det parkering for nokre bilar.
Fottur
Grønn
Lengde
2 km en vei
Stigning
220 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,1

Offentleg transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Kart

Turkart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut