English

Løken

Ålesund

Kort om turen

Turen går i oppkøyrde skispor i lett turterreng. Løypa går delvis i kulturlandskap, etter setrvegar og delvis over myrar. Du passerer gran og furuskog og etterkvart opnare lauvskog. Området er ein del av det varig verna området langs Solnørvassdraget. Løypa er også ein del av det store løypenettet rundt Svartløken. Dette har tilkomst frå Fylling i Skodje kommune og Tomrefjorden i Vestnes kommune. Turen sluttar ved Fjellstova på Ørskogfjellet, her er det også god parkeringsplass. P-avgift. Her kan du ta bussen, td Timeekspressen tilbake til Sjøholt sentrum Alternativat kan du gå tilbake same vegen. Og turen kan du sjølvsagt like gjerne gå motsett veg.

Ruteskildring

Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen, 406 m.o.h. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca 1km, er resten av turen om lag flat . Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra.Du kan halde fram vidare på denne turen, først i nordleg retning til du ser Mevatnet på venstre sida. Så svingar løypa i retning nord-nordaust i slakk motbakke. Når du kjem til eit kryss skal du halde til høgre, inn på Løklivegen og eit flatt parti. Etterkvart ser du tunet på Svartløken og når det er passert, startar bakkane som fører vidare opp til Ørskogfjellet. Skiløypa deler seg snart igjen, du skal framleis halde til høgre og oppe i lia på høgre side av løypa finnst restane av ein gamal hoppbakke, Løklibakken, der det vart arrangert NM i hopp i 1967. Etter km. er du ved enden av løypa og ser Fjellstova på Ørskogfjellet.

Tilkomst og parkering

Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog Samfunnshus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta. Startar du frå Brauta, ligg der ein liten parkeringsplass som du kan nytte, eller som oftast må du parkere langs vegen. Inga P-avgift. Startar du frå Ørskogfjellet, finn du stor parkeringsplass ved Fjellstova. P-avgift.
Skitur
Grønn Løype
Stigning
0 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
240 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 11,6

Offentleg transport

Til og frå Fjellstova på Ørskogfjellet kan du ta buss, t.d. Timeekspressen mellom Ålesund og Molde.
Køyreskildring
Print ut