English

Løkeberget

Ulstein

Kort om turen

Ein av mange fine turar på Hareidlandet. Her er det flott utsyn og det er tydeleg sti og lett å finne fram. Du startar i Ulstein kommune og endar i Hareid.

Ruteskildring

Start ved Løset. Når du kjem frå Haddal skal du passere skilt mot Flåna og Garnestua før du tek av på veg som går til høgre inn til nokre hytter. Det er skilta til Løkeberget. Etter ca. 100 m, etter ei hytte, står det eit nytt Løkebergetskilt. Du kan enten følge dette eller gå vegen ca. 100 m til og ta til venstre på ein grasdekt veg. Når du kjem inn på stien følger du denne heilt til topps. Han er tydeleg og tidvis merka. Gjennom skogen er det ein del våte parti, men når du har kome opp på Langheida er det tørt og fint resten av vegen. Ruta går skrått opp sida til Løkeberget. I ca. 500 m høgde (N62° 18.946' E5° 56.796') dreiar stien skarpt vestover og vidare til topps. Følg merking, så finn du sikker rute til topps. Fin varde og flott utsyn på toppen og undervegs.

Tilkomst og parkering

Enten du kjem frå Volda/Ørsta eller Ulsteinvik på FV653: Ta av til Haddal og følg Haddalvegen til du ser skilt til Ringstaddalen. Følg denne ca. 4 km. Her kjem du til eit hytteområde akkurat der vegen svingar NV vidare mot Fjelle. Det er godt med plass til å parkere i området ved start
Fottur
Blå
Stigning
395 m
Tidsbruk
2 t t/r
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
579 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,5

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut