English

Litlvatnet, Åndal

Gjemnes

Kort om turen

Turen startar i flott seterlandskap, og går innover langs ein lettgått grusveg. Langs vegen kan du møte dyr på sommarbeite, og du får utsyn til fleire vatn, tussar og andre fjell. Er dagsformen bra, er det muleg å ta turen vidare oppe på Bjørnen og Luten. Turen er trillevenleg. Turmålet er lagt ved grusvegen, nokre meter ovanfor vasskanten. Her er det benk å nyte nista si ved. Retur same veg som du kom. På ein god dag er det ein flott, men noko lengre og meir krevjande tur, å gå vidare opp på Bjørnen og eventuelt også vidare på Luten, før ein returnerer tilbake til utgangspunktet.

Ruteskildring

Turen startar ved parkering på Åndalssetra. Herifrå går du først over ei lita bru, før du følgjer grusvegen innover og til endes. Det er bom over vegen like etter brua, men her er det god plass å gå rundt. 

Tilkomst og parkering

Frå Molde: Følg E39 til du er på veg ned frå Fursetfjellet. Ta av ved skilt mot Åndal (Fv286). til høyre ved veikryss. Etter du har passert elva i botnen av dalen, tek du til venstre og følgjer denne vegen i 7,5 km. Frå Kristiansund og Fv666 held du fram på E39 forbi kommunesenteret på Batnfjordsøra. Etter om lag 4 km, ta av ved skilt mot Åndal (Fv286) og følg køyreruta som skildra frå Molde. Det er bomveg, parkering ved slutten av grusveien/stengt bom ved Trolldalselva på Åndalssetra.

Fottur
Grønn
Lengde
1,5 km en vei
Stigning
53 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Hele turen
Høyeste punkt
282 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,5

Anna

Åndalssetra og området rundt er beiteområde for dyr. Vis omsyn. Fiskekort kjøpes ved bommen.

Kart

Norgeskart-serien blad 035 Hustadvika.

Betalingsmiddel for bomvei

kontant
Køyreskildring
Print ut