English

Storåsnakken, rundtur, Norddal

Fjord

Kort om turen

Rundturen Storåsnakken via Litleåsskagen og Storås er ein lett tur i variert terreng med god rås. Turen byr på minst tre flotte utsiktspunkt, der du både får godt utsyn over bygda Norddal, Norddalsfjorden og Eidsdal, samt utover mot Stranda. Familievennleg tur. Litleåsen er start- og sluttstad, det er ikkje høve til å parkere på Storås.

Ruteskildring

Start turen ved p-plassen på Litleåsen, 530moh. Du kan starte turen i ulike retningar, sidan dette er ein rundtur. Dersom du vil nå det høgaste punktet på turen og Stikk UT! -posten raskt, kan du gå vestover langs asfaltert veg først. Følg så skilting mot Storåsnakken, opp ein grusveg, forbi Norddal IL si skihytte og opp trekktrasèen ved slalombakken heilt til toppen. Relativt bratt stigning mot toppen, som ligg på 721moh.

Eit anna lengre, men betre, alternativ, er å følgje vegen austover att frå p-plassen. Sving så gjennom eit gardstun og vidare øvst på ein bø, gå vidare på rås i kupert terreng og skog til du kjem til utkikspunktet Litleåsskagen. For å unngå gardstunet, kan du følgje den asfalterte vegen nedover til ei ferist, ta så til venstre og føl skilting til Litleåsskagen, ca 400m lett stigning. På Litleåsskagen er det ein gapahuk der du kan nyte ein pause med godt utsyn over bygda Norddal og over Norddalsfjorden mot Valldal. Der også ein turpost. Føl så god rås nordvestover gjennom bjørkeskog. Noko stigning i starten, men terrenget vert slakkare etterkvart. Det siste stykket før toppen går du over ei myr før du føl ein bratt trakkemaskintrasé, så flatar det ut og du finn posten ved ein stolpe og ein trommel.

For å få det flotte utsynet over fjorden, må du følgje rås som startar i bakkant av posten og gå vidare nordvestover. Etter ca 50 meter opnar bjørkeskogen seg opp, og du finn fine utsiktspunkt langs "kanten" av Nakken. Men ver på vakt og hald avstand til kanten, då det her stuper BRATT utfor mot fjorden! Born må ikkje gå åleine i dette området!

Vidare går turen vestover mot Eidsdal, først langs nakken, før du kjem til eit nytt utsiktspunkt som vender mot garden Storås. Herifrå ser du bygda Eidsdal og fjella rundt. Vidare går råsa nedover att mot Storås, her svingar du til venstre inn på ein skogsveg mot Litleåsen/parkeringa igjen.

Tilkomst og parkering

Turen startar frå parkingsplassen på Litleåsen. Alternativt kan du parkere lenger nede på parkeringsplass ved Hatlestad. Frå Eidsdal sentrum/ferjekai følgjer du fylkesveg nordaustover mot Norddal, ca 5km. Du svingar oppover i bygda ved butikken og køyrer i om lag 2km før du svingar mot høgre over ei bru ved Engeset. Du held fram på asfaltert veg heile vegen opp til Litleåsen, ca.4-5 km, medan du nesten heile tida har ustyn over bygda. Frå parkeringsplassen vil du sjå ein slalombakke.

Fottur
Grønn
Lengde
3,89 km rundtur
Stigning
257 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
700 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Grus 0,1
Sti 3,5

Offentleg transport

Det går skulebuss til Hatlestad/Litleås i skuleåret. Avgang frå Eidsdal kl. 07.30 og 14.00.

Anna

Turen er godt skildra i boka "Opptur Geirangerfjorden". Det er ikkje høve til å parkere på garden Storås. Viser elles til info om bygda Norddal på http://www.norddal.com, og om Norddal IL på norddalil.no.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50 000, Tafjordfjella 1: 50 000.
Køyreskildring
Print ut