Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Lisjedalssætra - Austefjord

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turen startar her
Fint å samlast på sætrevollen
Flott utsikt
Lisjedalsætra

Lisjedalssætra - Austefjord

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Lisjedalssætra ligg i ein dalkop 380 m.o.h. Ho er ei av mange sætrar i Austefjorden som er verdt eit besøk. På sætrevollen er der ein fin samlingsplass Det er fleire ulike stiar som fører til Lisjedalen. Ruta som er omtala her, startar øvst i byggefeltet i Fyrde. Dette er ein fin familietur.

Kvar i terrenget går turen?

Start øvst i byggefeltet. Gå over marka langs gjerder og du finn ei grind der det er skilta mot Lisjedalen og Nordalen. Hugs å late att grinda etter deg! Stien vidare oppover er tydeleg og fin å gå. Er du heldig, ser du kanskje nokre padder. Når du nærmar deg sætra, er det eit flott utsiktspunkt der du ser utover Austefjorden. Det er verdt å stoppe litt her og nyte utsikta.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Like etter Fyrdsbergtunnellen kan du ta av til paddeplassen. Her kan du få informasjon om paddebestanden som held til i området. Den store paddefiguren er verdt eit besøk i seg sjølv. http://www.friluftsforeninga.no/litt-av-kvart/8-mai-2015-paddesafari

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda: Køyr E39 (Kvivsvegen) omlag 17 km mot Stryn. Like før Fyrdsbergtunnelen tek du av mot Fyrde. Følg vegen til du kjem til Fyrdshaugen. Følg denne til endes

Kvar kan du parkere?

Det er plass til nokre bilar ved start

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3,8
Lengde tur/retur (km) 3,8
Stigning meter grader
Total stigning 335 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda og Stryn: frammr.no

Spesielle forhold

Du finn ein tydeleg og godt merka sti til Fyrdsheida, der stien flatar ut mot Lisjedalssætra.
Frå Lisjedalen er det fint å gå vidare til Nordalen.

Kart

Sunmørsalpane