Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Lisjeblæja 1032 m.o.h. Rute 52

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

7

Lengde en vei (km)

3,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Joledalen er det fin utsikt til Lisjerøfssdalen
Raudesteinen i Joledalen med Blæja i bakgrunnen.
God stemning og fin utsikt frå toppen.
Utsikt frå Lisjeblæja over Syvde

Lisjeblæja 1032 m.o.h. Rute 52

Kvifor gå denne turen?

Toppen av Lisjeblæja er ein av dei mest særprega fjelltoppane sett frå Syvde, og turen til toppen er lett og kan nåast av dei fleste. Ein kan nå toppen via andre ruter, men dette er den vanligaste og lettaste ruta. Lisjeblæja med sine 1032 moh er eit fint utsiktspunkt og det er ein stor opplevelse å få med seg solnedgangen herifrå. Bruker du dagen kan du under turen prøve fiskelukka både i Lisjerøfsdalen og Joledalen. Syvde idrettslag har ein trimpost på Lisjeblæja, som er plassert ved varden.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen i Lundagjerde går eit godt synleg og merka rås vidare innover dalen. Råsa går med litt varierande stigning, omkransa av lav bjørkeskog. Når du er komen opp på Reset, vider Lisjerøfdalen seg ut og det er flatt innover til Lisjerøfsdalsvatnet. Her kan det vere litt myrete og våtsamt, men Syvde idrettslag har lagt ut flakar på dei våtaste partia. Frå murane etter Urhellom går råsa oppover mot Joledalen, godt synleg med blåmalte steinar og stikker innimellom. Her er det litt brattare enn lenger heime, men ein kjem fort opp i høgde og får ein flott utsikt over Lisjerøfsdalen. Over skoggrensa er råsa godt synleg heilt fram til Raudesteinen i Joledalen. Herifrå er det lyngmark og ikkje ei definert rås, men det er tydeleg merka med blåmalte steinar og stikker kvar ein skal gå. Terrenget har fin stigning oppover mot Lisjeblæjeskaret og brått har du utsikt over Røfsdalen og Syvde. Herifrå er det steinur til toppen.

Kulturminne

Sjå også rutebeskrivelsen frå Lisjerøfssdalen. I Joledalen ligg Raudesteinen. Når sauene skulle hentast heim om hausten møttest sauesankarane ved Raudesteinen. Her har dei god oversikt over Joledalen og her la dei strategien for den vidare sankinga.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Sørdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre og du fortsett rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for vegavgift. Bompengar til Myklebust sameige. Røfsdalen er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, og det er tilrettelagt for parkering på Røfsdalsætra og i Lundagjerde. På Røfsdalsætra er det 3 km til parkeringsplassen i Lundagjerde.
.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass i Lundagjerde.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,1
Natur 2
Myr 0,8
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 3,5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 500 28
Bratteste helning ned 500 28
Total stigning 700 Høydemeter

Offentlig transport

http://www.syvdeil.no

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven