Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Lille Kløvheitind 1350 m.o.h.

Om turen

Gradering

Kommune

Sykkylven

Type tur

Skitur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

9

Lengde en vei (km)

4,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På veg ned igjen i flott skiføre.
 På veg mot toppen frå Vallasetra
Neste på toppen med utsikt mot nord.
Toppen av Lille Kløvheitind

Lille Kløvheitind 1350 m.o.h.

Kvifor gå denne turen?

På toppen av Lille Kløvheitind har du ein flott utsikt over fjella rundt i Sykkylven i fleire retningar.
Ned renninga frå toppen er ein nydeleg oppleving ved gode snø forhold.

Kvar i terrenget går turen?

Det er to alternativ til rute:
A: Frå Brunstad om Vellesetra
Du starta ved Brunstad kraft stasjon og går opp langs høgre sida (venstre sida ) av elva på setrevegen .
Oppstigningstid ca 45 min til Valleseter hytta ( DNT). I frå setrevollen sør for hytta, startar hovudråsa som fører innover Velleseterdalen. Allereie etter 30-40 meter tek du av frå denne råsa, og dreier til høgre og følgjer ein liten morenerygg innover dalen i sørvestlig retning. Etter nokre hundremeter dreier du til høgre inn i småskogen, og fortsett opp til eit djupt elvefar. Dette skal du ikkje krysse. Du held fram oppover søkket langs høgre sida av elva. etter kvart dreiar du meir i nordvestleg retning , går opp langs lynggrabbar og passerer like til venstre for ein markert haug ( Høge-haugen)som ligg oppe i dalsida tett ovanfor tregrensa. frå denne haugen går du bratt oppover mot kløvheia /nordvest).Frå Kløvheia ( ca 1000 m.o.h) Ser du rett opp på Lille Kløvheitind som frå denne kanten ser ut som ei stor og brei pyramide.
Du tek sikte direkte mot toppen i sørvest. Denne siste oppstigninga er tung og bratt. Når du kjem oppunder toppen har du to alternativ som fører til toppunktet. Du går opp på venstrekanten egga (aust)av topp-pyramiden. Frå Kanten rundar du forbi ein liten hammar, og går vidare i lett terreng di siste metrane til topps.
Oppstigingstid 3,5 – 4,5 timar
B:Frå Brunstad, om Kløven
Utgangspunktet er Brunstad kraft , men allereie etter 100-150 meter tek du av frå setrevegen, og dreier til høgre oppover ein bratt skogsveg. Skogsvegen snor seg oppetter bjørkelia mot Kløven. Der vegen endar er det ikkje nok markert rås vidare. Men det er greitt å ta seg oppetter den breie ryggen i sørvestleg retning. Først del i fint skogsterreng, deretter langs fjellryggen i ope lende. Når du passerer ei djup kløft ( Kløven)som er skoren inn i nordvestsida av fjellet , vert ryggen gradvis slakkare oppe mot den flate Kløvheia. Her i frå er ruta identisk med alternativ A.
Oppstigingstid 3,5 – 4,5 timar .
Oppstigninga til Lille Kløvheitind let seg fint kombinere med ein tur på Skjortehornet ( 1082 m.o.h.)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Du startar på Brunstad (Bøen) i Velledalen. I frå Sykkylvsvegen tek du av på hovudvegen ved Hjortdal
( Fylkesveg 60 ) til Brunstad. Du køyr vidare på Brunstadvegen, og tek ved Bedehuset ( kryss), forbi gamle Velledalen ( møbelfabrikk ) , Joker butikken og vidare oppover Brunstadvegen. Du tek vidare av i krysset mot Bøvegen, over Brunstadelva og stoppar ved Brunstad Kraft .Du går vidare opp over vegen mot Vellesetra ( DNT hytte).
Dersom du skal ta buss stoppar den ved Bedehuset om den køyrer gamlevegen. Dersom bussen går ny vegen må du gå av på Hjorthol. Det er då ca 1,5 km å gå frå Hjorthol og 1km frå Bedehuset til Brunstad Kraft 100 m.o.h
Geografiske koordinater Desimalgrader
Breddegrad: 62.28476
Lengdegrad: 6.67688

Kvar kan du parkere?

Det er greitt å parkere ved Brunstad kraft. Det er ingen parkeningsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 9
Lengde tur/retur (km) 9
Lengde en vei (km) 4,5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 32
Bratteste helning ned 50 32
Total stigning 1250 Høydemeter

Offentlig transport

Dersom du har behov for buss transport sjå http://www.fjord1.no Ålesund - Stryn.t/r.

Mobildekning

Telenor har noko varierande dekning.

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Det mest utsette området er frå Høghaugen og den brattaste delen opp mot toppen.

Spesielle forhold

Om du har fleire dagar til disposisjon er det fint å overnatte på D.N,T hytta på Velleseter: Det er eit flott utgangspunkt for mange turar både sommar og vinter. På hytta er det sengeplass til10- 11 stk.

Kart

Turkart Sykkylven kommune og M 711 Sykkylven blad 1219 IV