Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Godt å vere kalv på Liasetra.
På vegen passerer du Akslevollvatnet.
Grusvegen mot Liasetra høver godt også for ein joggetur.
Sommarstemning på Liasetra.

Liasetra

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Fin tur langs grusveg, passar godt for barnevogn og familiar på tur. Akslevollvatnet ligg vakkert til rett ved vegen. Når du kjem opp på Liasetra, er det ope kulturlandskap med god utsikt mot Sykkylvsfjella.

Kvar i terrenget går turen?

Denne turen er skildra frå Brauta i Solnørdalen. Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen, 406 moh. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca 1 km, er resten av turen om lag flat. Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra. Like forbi siste hytta er det oppført ein flott gapahuk, Liahuken, med bord, benkar og bålplass. Turkasse med turbok finn du her ved Liahuken.

Viss du held fram etter skogsvegen, vil du etter 8,5 km kome til Fjellstova på Ørskogfjellet. Turen er like fin viss du startar her ved Fjellstova og går ned til Brauta. Begge desse alternativa er populære både til fots, på sykkel og på ski.

Kulturminne

Det er 4 hovudbruk og 4 småbruk på Lid som har sætrerett på Liasætra. Vegen som vart bygt i 1930 åra er halden i god stand. Husa er og godt vedlikehaldne. Det vert hausta gras her kvar sommar og skikken med sætrehelg ved olsok lever vidare.

I tidlegare tider var det også slått her og i tillegg laga dei lauvkjerv. Etter ein gammal tradisjon henta dei høyet heim på sledeføre 3. juledag. Før det var veg på sætra, bar sætretausene mjølk og mjølkeprodukt ned til Akslevollvatnet. Så rodde dei til sørenden av vatnet. Derifrå vart mjølka boren heim eller til meieriet ved Meieribrua.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Brauta: Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog Samfunnshus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta.

Kvar kan du parkere?

Brauta i Solnørdalen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 3
Lengde tur/retur (km) 3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 580 6
Total stigning 90 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Kart

Ørskogfjellet