English

Liasetra

Ålesund

Kort om turen

Fin tur, skiløypa går på vegen opp til Liasetra. Akslevollvatnet ligg vakkert til rett ved løypa. Når du kjem opp på Liasetra, er det ope kulturlandskap med god utsikt mot Sykkylvsfjella.

Ruteskildring

Denne turen er skildra frå Brauta i Solnørdalen. Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen, 406 moh. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca 1 km, er resten av turen om lag flat. Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra. Like forbi siste hytta er det oppført ein flott gapahuk, Liahuken, med bord, benkar og bålplass. Turkasse med turbok finn du her ved Liahuken.

Viss du held fram etter skogsvegen, vil du etter 8,5 km kome til Fjellstova på Ørskogfjellet. Turen er like fin viss du startar her ved Fjellstova og går ned til Brauta. Begge desse alternativa er populære både til fots, på sykkel og på ski.

Tilkomst og parkering

Frå Brauta: Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog Kulturhus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta.
Skitur
Grønn Løype
Lengde
2,26 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
217 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 2,26

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

VIPPS og kontantar
Køyreskildring
Print ut