English

Liasætra til Patchellhytta

Stranda

Kort om turen

Turen fra Liasæter og opp til Patchellhytta tar ca. 2,5–3 timer i rolig tempo. Fin tur i et fantastisk terreng som burde passe store og små.

Ruteskildring

Start frå Liasætra. Følg godt merka og opptrakka sti innover. Ca. 1 km fra Liasætra, etter at ein har kryssa Habostadelva, går stien saman med ein annan sti som kjem frå Habostadsætra. Vidare er det berre å følge stien innover Habostaddalen heilt fram til Patchellhytta (DNT), her kan de nyte nistepakke og/eller overnatte. Beregn 2,5–3 timar på denne turen, same veg tilbake.

Det kan gå dyr i området, ta omsyn til desse og til bandtvang. 

Habostaddalen er utgangspunkt for mange toppturar, bla. Leirvasshorn, Brekketindane, Slogen og Smørskredtindane. Frå Patchellhytta går det ei raud T-merka rås vidare ned til Urke over Steinreset og ned Langseterdalen. Like etter Steinreset deler denne råsa seg, og herfra går ei raud T-merka rås gjennom Gullmordalen og ned til Vellesetra. Det går også ei raud T-merka rås fra Patchellhytta til Skylstad/Øye. Ein kan også følge ei raud T-merka rås fra Patchellhytta på vestsida av elva nedover dalen, gå nordvest opp gjennom Brunstadskaret og vidare gjennom Brunstaddalen til Brunstadsetra. http://ut.no/hytte/patchellhyttahttp://iriss.no/web/

Tilkomst og parkering

Fra Stranda følger du riksveien mot Hellesylt. Etter ca. 4 km tar du av mot vest til Engeset, og kjører så på bomveg vidare opp Habostaddalen til Liasætra.

Fottur
Rød
Lengde
6,37 km en vei
Stigning
421 m
Tidsbruk
4 t. 15 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
813 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10

Offentleg transport

Nei. Ein kan starte turen til fots fra Stranda, men det blir ein noko lang tur.

Anna

Turen har mobildekning i starten, men så ingenting fram til Patchellhytta. Ved hytta er det kun få spesifikke områder med dekning.

Kart

Turkart Stranda kommune og Sunnmørsalpane aust
Køyreskildring
Print ut