English

Levandehornet

Ørsta

Kort om turen

Variert og fin tur på god sti. På toppen er det super utsikt: mellom anna til Molladalstindar, baksida av Saudehornet, ytste del av Dalsfjorden, Rovdefjorden og utover Breisundet.

Ruteskildring

Start frå parkeringsplassen, 360 m.o.h. Gå gjennom ei grind på høgre side av plassen (når du ser mot toppen). Stien svingar til høgre like etter at du har gått gjennom grinda. Følg stien til like før Litledalsvatnet (N62° 16.450' E6° 08.119'), 487 m.o.h.. Her skal du ta sti som går til venstre. Du må passe litt på når du nærmar deg vatnet så du ser kvar du skal ta av, sjå etter raude pinnar i trea. Følg stien heile vegen til topps. Det kan sjå noko skummelt ut siste sida til topps, men stien går godt innpå kanten og det er tydeleg å sjå kvar du skal gå. Du kan også velge di eiga rute. Gi deg god tid til å nyte utsikta på toppen .

Tilkomst og parkering

Køyr E39 frå Ørsta til Vartdal. Køyr gjennom 50-sona på Vartdal og ta av til Årsetdalen. Følg vegen (Sætre og Årsetdalen) nokre kilometer framover dalen, til den deler seg. Ta av ned til høgre på Busetvegen. Etter ca 900 m kryssar vegen elva. Fortset vidare på Busetvegen på høgre side av elva ca 1,5 km, til vegen deler seg. Køyr rett fram (grusveg) og ta straks til høgre; sjå skilt til Levandehornet. Følg grusvegen (Busetbrekkene) til endes. Her er romsleg parkeringsplass.
Fottur
Rød
Lengde
4,97 km tur/retur
Stigning
0 m
Tidsbruk
2 - 3 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
917 moh
Merking
Merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,9

Offentleg transport

Nei

Anna

Returen kan du ta ned til Skorgestøylen. Då får du ein fin og variert rundtur. Ruta er merka med pinnar og stien er godt synleg.

Kart

Sunnmørsalpane

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps kr. 30 (bil/2021)
Køyreskildring
Print ut