Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Leinehornet sett frå fv 654 på Buholmen, råsa startar ved den øverste bebyggelsen i høgre bildekant.
På veg mot Leinehornet med god utsikt mot Leinevika og Eggesbøneset.
Utsikt mot aust, Ulsteinvik midt i bildet.
Utsikt mot nordvest, Remøya nærmast, Runde til høgre.
Utsikt mot sørvest, Eggesbønes til venstre, Fosnavåg til høgre.
Leinehornet, utsikt mot vest, Fosnavåg til venstre, Nerlandsøya midt i bildet.

Leinehornet

Kvifor gå denne turen?

Leinehornet er høgste toppen på Leinøya, så du har god utsikt herifrå mot dei andre øyane i Herøy. Du har også god utsikt mot Ulsteinvik og fjella i Ulstein kommune.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkering på Støylen går du opp marka vestapå ei dobbelgarasje og går på høgre sida av ei løde, råsa går så nordvestover opp mot toppen. Her er godt skilta både i starten og i alle vegkryss.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå fv 654 mot Fosnavåg tek du av på fv 18 Leinevegen og køyrer den ca 2 km og tek til høgre og køyrer veg merka med Leine ca 140 m og tek til venstre opp Støylavegen og køyrer den ca 600 m, då er der parkeringsplass til 3 bilar langs venstre side av vegen.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass til 3 bilar på venstre vegkant på Støylen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,8
Lengde tur/retur (km) 2,8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 25
Bratteste helning ned 50 25
Total stigning 290 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M 711 1119 IV, norgeskart.no