Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Lebergsfjellet frå Fjellstova

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Tidleg haust på Ørsskogfjellet og området rundt Nysetervatnet
November med skiftande vêr innover storfjorden
Utsikt nordover mot Romsdalsfjorden ogYstetinden

Lebergsfjellet frå Fjellstova

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Fin tur i ope landskap med god utsikt heile vegen i småkuppert terreng. Frå toppen ser du Brustinden, Ystetinden og Sprovstinden på Vestnessida av Ørskogfjellet. I aust ser du m.a. Høgsvora og Giskemonibba. I sør ser du Storfjorden og fjella langs den. Lengst i vest ser du øyane rundt Ålesund. Du har også flott utsikt mot nedste del av Solnørvassdraget med m.a. Akslevollvatnet med det furuskogkledde Haugfjellet bak.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Fjellstova og gå grusvegen nedover mot Løken. Her er det bomveg så du kan også køyre, men det er berre nokre hundre meter. Du møter snart skilt til Lebergsfjellet. Ta av til venstre her og følg merkepinnar heilt til toppen. Terrenget er småkuppert og går over ein del myr. Det kan vere ganske vått.

Det går også ein grusveg opp til Lebergsfjellet. Her kan du gå med barnevogn med store hjul, - men ver merksam på vannskader og at dei brattaste partia har laus og grov grus/pukk.  

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr E 39 nordover frå Sjøholt sentrum mot Ørskogfjellet. Parker ved Fjellstova.

Kvar kan du parkere?

Fjellstova, avgift berre om vinteren.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,6
Dårlig sti 3,2
Myr 2
Lengde tur/retur (km) 5,8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 370 14
Total stigning 300 Høydemeter

Offentlig transport

Ja. Fram ekspressen går forbi kvar time.

Mobildekning

Ja

Kart

Ørskogfjellet