Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

8,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt frå toppen mot Ørskogfjellet
Utsikt innover Storfjorden
Utsikt mot Ørskogfjellet og Ytstetinden
Utsikt sørvestover Storfjorden og fjella i Sykkylven

Lebergsfjellet

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Turen går heile vegen på veg, slakt i byrjinga, men på slutten noko brattare. Først gjennom bjørkeskog, vidare over skoggrensa med utsikt mot vest og etterkvart også nordover. Snøfritt frå slutten av mai.
Frå toppen ser du Brustinden, Ystetinden og Sprovstinden på Vestnessida av Ørskogfjellet. I aust ser du m.a. Høgsvora og Giskemonibba. I sør ser du Storfjorden og fjella langs den. Lengst i vest ser du øyane rundt Ålesund. Du har også flott utsikt mot nedste del av Solnørvassdraget med m.a. Akslevollvatnet med det furuskogkledde Haugfjellet bak.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved bomvegen i Landedalen, merka med skilt. Gå opp langs grusvegen. Etterkvart som du legg myra bak deg, opnar utsikta vestover seg og det vert litt meir stigning. Vegen rundar så tilbake og går vidare i svingar oppover mot toppen. Eit par brattare etappar vert det etterkvart og når du nærmar deg toppen, ser du dei store mastene med tilhøyrande bygningar.

På toppen kan du gjere fleire val viss du vil ha ein rundtur: Gå over til Svartløkfjellet, eller gå til Fjellstova. Raude pinnar markerer vegen, men det er ikkje tydeleg sti.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr E 39 nordover frå Sjøholt sentrum nordover mot Ørskogfjellet. Når du nærmar deg dei første hyttefelta, ser du ein bomveg. Ta av på vestsida av Europavegen. 50 m. lenger framme skal du svinge av og finne parkering på austsida av vegen. Du går så tilbake langs Europavegen og inn på bomvegen i retning sørvest.

Kvar kan du parkere?

Parker på austsida av Europavegen ca 7,3 km nord for Sjøholt sentrum.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 8,4
Lengde tur/retur (km) 8,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 500 8
Total stigning 330 Høydemeter

Offentlig transport

Timeekspressen kvar time

Mobildekning

Ja

Kart

Ørskogfjellet