English

Laupsnipa frå Oksavika

Sande

Kort om turen

Laupsnipa ligg på grensa mellom Sande og Herøy og kneisar høgt over Rovdefjorden med god utsikt i alle retningar. Gurskøy IL har trimpost på Laupsnipa. Denne turbeskrivelsen er frå Oksavika.

Ruteskildring

Gå vegen inn til Tødeneset (ca 800 m) Råsa startar før garasja på oppsida av vegen og går bratt opp gjennom skogen, ver litt obs her då der er mange kryssande hjorteråser og lett å gå feil.Når du kjem oppom skogen går råsa over berg og gjennom ei steinrøys, her er råsa fint oppmura med trappetrinn, råsa kjem så opp på søraustenden av Slokevatnet, går opp til ei hytte og fortsetter oppover på austsida av hytta, ca 200m oppom hytta står der ein varde utpå kanten, det kan vere verdt å ta ein avstikkar dit då der er flott utsikt over Rovdefjorden, Råsa går vidare opp gjennom fjellsida til du kjem opp til ei myr før Tempelskarvatnet, då tek du til høgre, råsa går då austover og oppå fjellryggen og fylgjer den inn til Laupskeipen, ver varsam når du kjem til Laupskeipen då der er svært bratt utføre på sørsida. Frå Laupskeipen går råsa på nordsida av høgste ryggen rett inn til Laupsnipa. Dersom du vil ha med deg det spektakulære området mellom Laupskeipen og Laupsnipa går du heilt ned på sørkanten av ryggen. OBS Bratt utføre. Høgste punktet på Laupsnipa ligg ca 60 m vestapå varden.

 

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 61 ved ferjekaia i Årvika og køyr ca 3 km austover til Oksavika, ca 150 m austapå husa i Oksavika er der parkeringsplass på venstre side av vegen, parker her.

 

Fottur
Rød
Lengde
4,69 km en vei
Stigning
603 m
Tidsbruk
3 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
558 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,5
Sti 8,2

Offentleg transport

frammr.no. Til Almestad, ingen moglegheit til Oksavika.

Anna

Dei fleste som går på Laupsnipa startar i Voldneset, sjå turen Laupsnipa Herøy, men dersom du vil ha ein opplevingstur så gå Sandeturen, du får då med deg både Laupskeipen og området mellom Laupskeipen og Laupsnipa der det er fleire plassar der fjellet stuper nesten rett i havet. Omtrent midt i mellom Laupskeipen og Laupsnipa er der ei 40 m lang sprekke som viser at eit stort område er i bevegelse og ca 2 million m3 steinmasse kjem til å rase ned i Rovdefjorden ein gong i framtida.

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 II og III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut