English

Laupsnipa

Herøy

Kort om turen

Laupsnipa ligg på grensa mellom Herøy og Sande og kneisar høgt over Rovdefjorden med god utsikt i alle retningar. Gurskøy IL har trimpost på Laupsnipa. 

Ruteskildring

Gå på gardsvegen gjennom gardstunet. Vis omsyn til dei som bur her! Gå opp ein traktorveg ved ei løde, der er skilta med Laupsnipa, følg traktorvegen som går i sikksakk opp gjennom skogen. Hald til venstre i dei to vegkryssa. Når du kjem til enden av traktorvegen, går råsa først gjennom skog. Ute av skogen, kryssar du elva og råsa går etter ryggen opp til toppen av Laupsnipa.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 61 i vegkryss austapå Leikong kyrkje, skilta med Voldnes 6 km. Køyr nesten heilt til vegs ende. Turen startar i eit gardstun 250 m før snuplassen. Parkering til 2 bilar der turen startar. Der er også mogleg å parkere ved småbåthamna rett nedanfor.
Fottur
Blå
Lengde
2,18 km en vei
Stigning
543 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
557 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,4

Anna

For dei som ynskjer ein meir spektakulær tur kan det vere vel verdt å gå dei 600 meterane ut til Laupskeipen som ligg vest for Laupsnipa. Dersom du då går heilt ned på sørkanten vil du finne fleire plassar der fjellet stuper nesten rett i havet. Omtrent midt imellom Laupsnipa og Laupskeipen er der også ei 40 m lang sprekke som viser at eit område er i bevegelse og ca 2 million m3 steinmasse kjem til å rause ned i Rovdefjorden ein gong i framtida.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 II, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut