English

Laupen i Eidsdal

Fjord

Kort om turen

Fin tur i øvre Eidsdal. Turen startar ved Eidsvatnet (425 moh.) og går til utkikkspunktet Laupen (631 moh). Det er også muleg å starte ved klubbhuset på Løvoll (550 moh.), eller gå ein rundtur. Turen er også skilta som Folkesti, i regi av Nasjonalforeninga for folkehelsa. 

Ruteskildring

Start frå p-plassen ved Eidsvatnet
Ruta startar på parkering- og rasteplassen til Statens Vegvesen. Ruta kryssar hovudvegen og følgjer ein gardsveg eit kort stykke før du tek av oppover til venstre i terrenget. Følg sti oppover i skogen og i skogkanten, hald til venstre der stien møter lysløypa. Laupen er det høgste punktet på Haugane, åsryggen der lysløypa ligg. Herifra har du utsikt over store delar av Eidsdal og heilt til fjorden.

Start frå klubbhuset på Løvoll
Ta frå vegen ved skilt og følg stien i lysløypa tilbake sørover mot Eide. Derifra held du fram opp til gamma og utkikkspunktet. Det er skilta frå høgste punktet i lysløypa, og tek 5-10 minutt å gå.

Heile rundturen/ Folkestien er om lag 6 km, der sirka halve turen er på sti i terrenget. Turen er skilta og merka. Fremst på Haugane (mot Eide) er det rydda to utkikkspunkt og sett ut kvilebenkar. Vakkert utsyn over kulturlandskapet ved Eidsvatnet.

Tilkomst og parkering

Parkerings- og rasteplass ved nordenden av Eidsvatnet i Eidsdal. (10 km frå Eidsdal ferjekai) Parkering på Statens Vegvesen sin parkerings- og rasteplass ved nordenden av Eidsvatnet. Der finn du også informasjonskilt om Folkestien og andre turmål i området. Om du vel å starte frå Løvoll kan du parkere ved klubbhuset.
Fottur
Grønn
Stigning
217 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
629 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2

Offentleg transport

Bruk buss mot Eidsdal/Geiranger. Næraste busshaldeplass er «Eide ved kryss til Kleiva». Derifrå er det om lag 500 meter på gangvegen tilbake parkering- og rasteplassen (dersom du kjem frå Eidsdal sentrum). Bussruter: http://www.frammr.no

Anna

Ved Laupen finst det ei gamme som er eigd av Eidsdal IL. Alle som ynskjer er velkomne til å bruke henne, også til å overnatte. Ein ryddar etter seg sjølv og tek med søppel heim. Friluftsrådet for Ålesund og omland har laga turkort for denne turen, sjå lenke nedanfor.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000

Lenke til turskildring

Friluftsrådet sitt turkort for Eidsvatnet og Folkestien: https://www.friluftsraadet.no/site/img/200104/Norddal-2.pdf
Køyreskildring
Print ut