English

Lauparlægda/Sunnmørslauparlægda

Ålesund

Kort om turen

Ein lang og variert tur med tydeleg rås berre på første etappe. Du går først over myrar, så gjennom eit område med tett fjellbjørkeskog, vidare oppover ein stadig smalare rygg før du når det flate toppområdet med vid utsikt i alle retningar. Snøfritt frå byrjinga av juli.

Ruteskildring

Turen er i starten lik turen til Lauparen. Dvs at du følgjer råsa mot Grytavatnet til du har kryssa ei elv og gått vidare opp nokre bakkar. Der det flatar ut og du får auge på ei lita furu ved elva, skal du ta til venstre, over elva og halde fram mot nordaust langs eit lite elvefar i retning Kvitnyken. Etterkvart finn du ei rås og den bør du følgje til du har passert Heivatna på sørsida. Du ser no Sunnmørslauparlægda rett i aust og ser ein rygg som skråar diagonalt oppover fjellet. Denne skal du følgje, så det er no lurt å sikte seg inn mot der beltet med fjellbjørkeskog er smalast og vidare opp der ryggen startar. Her oppe vil du sjå at Sunnmørslauparlægda også gøymer eit lite fjellvatn, på kartet kalla Lauparvatnet. Vidare oppover berga kan du etterkvart finne ei litt utydeleg rås som fører deg opp til eit punkt der ryggen er forholdsvis smal og der du må ta hendene til hjelp for å kome opp. Eit kort parti kan nok opplevast som luftig. Etter dette vert ryggen igjen breiare, du kjem opp i tildels grov ur og ser snart det flate, steindekte toppområdet. Du vil oppdage at her er to vardar; ein på kanten i vest og ein på kanten mot Tresfjorden lenger aust. Toppen i vest er den høgste, men du bør legge turen bortom varden nærmast Lauparen. Frå toppområdet ser du vestover Vaksvika og vidare ut Storfjorden mot øyane. I sør ligg Grytavatnet omkransa av Fremste Skorkja, Storbotnshornet og Svartvassegga. I aust dominerer Lauparen. Og mot nord ser du ut Tresfjorden og over Romsdalsfjorden mot Molde. Næraste fjellet i den retninga er Kvitnykjen. Men også mot Næremstindane og Høgsvora har du god sikt. Returen kan du sjølvsagt legge same vegen som du kom, men vi tilrår å gjere dette til ein rundtur der du følgjer nordryggen av fjellet ned igjen. Gå då mot vest, til den andre varden på topp-platået og vidare nedigjennom urda, langs kanten nærast Kvitnykjen. Urda er bratt, men ikkje laus eller vanskeleg å gå og du slepp luftige parti. Vel nede der terrenget blir slakkare og du er på høgde med Lauparvatnet, siktar du deg inn på området der du kom opp gjennom fjellbjørkeskogen og returnerer via sørenden av Heivatna tilbake til råsa frå Grytavatnet. Dette er ein av toppane på Vaksvikfjellet der du sjeldan møter andre turgåarar, men det er eit fjell som absolutt er verdt eit besøk. Lauparlægda kan du også nå ved å starte frå Kjersemsetra; du slepp då det kronglete partiet med fjellbjørkeskog.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Du køyrer forbi gardane i Vaksvika og Vaksvikfjellet Camping. Etter ca. 5,5 km. kjem du til eit vegkryss, der bomvegen til Grytalisætra tek av mot søraust. På Grytalisætra er det gode parkeringsområde. På Grytalisetra
Fottur
Rød
Stigning
877 m
Tidsbruk
7 t. 35 min.
Høyeste punkt
1254 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10,7

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut