English

Langvatnet

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein lågterskeltur i relativt flatt terreng som passar godt for nybegynnarar, men som også er populær blant joggarar. Du følgjer skogsveg, og det er ikkje så mykje utsikt å skryte av på denne turen, men når ein er framme ved det vakre Langvatnet er dette gløymt.

Ruteskildring

Start ved riksvegen like ovafor Berseten der ein skogsveg går oppover lia. Du passerer ein bom og går vidare etter vegen etter å ha passert denne. Følj same vegen til den deler seg. Da tek du til venstre. Herifrå er det ikkje langt til snuplassen ved Langvatnet. Her finn du turkasse med bok du kan skrive deg inn i. Viss du går forbi turkassen og nedover ryggen utover mot vatnet, finn du også ein turbenk du kan raste ved.

Tilkomst og parkering

Venstresving på riksvegen like ovanfor Berseten; ei sløyfe av gammelvegen ligg att i ytterkant og det går opp ein skogsveg der. Ved startpunkt. God plass til å parkere på gammelvegen.
Fottur
Grønn
Stigning
107 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
290 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 8,2

Offentleg transport

Nettbuss har ruter forbi startpunktet, men dette er nok ein tur som lokalbefolkninga helst køyrer til.

Anna

Dersom du berre følgjer skogsvegen, kan du nøye deg med joggesko. Vil du fortsette vidare ned mot vatnet, er det ganske vått slik at tett fottøy er nødvendig.

Kart

Fjordruta
Køyreskildring
Print ut