Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,9 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå toppen ser ein mykje av ruta ein har gått. Ta gjerne ein avstikkar mot Mevatna for å fiske.
Møte med geiter på toppen.
Flott panoramautsikt frå Kyrnosa.
Ein parkerar på rasteplassen i ”Skitnevika” og går opp skaret.

Kyrnosa, rute 61

Fotograf: Odd Westerås

Kvifor gå denne turen?

Ein forholdsvis lettgått tur. Kyrnosa ligg på grensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane og er eit flott utsiktspunkt. Turen kan kombinerast med lengre turar, enten mot Gorgehornet/Tusentrinnstrappa/Skorge eller mot Vaulsnipa og gjerne vidare mot Nyken og Tusshornet. Bekslevatnet rett ved parkeringa er eit godt fiskevatn. Det same gjeld Mevatna i nærheten av ruta.

Kvar i terrenget går turen?

Ruta startar frå ”Skitnevika”, som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Ein parkerer ved rasteplassen i sørenden av Bekslevatnet. Ved parkeringa er det skilt som viser retninga. Like etter start går ein mot venstre og litt bratt opp skaret. Det er godt synlig sti og ruta er godt merka. Etter skaret går ein rett oppover før ein runder litt mot høgre. Ein passerer på nordsida av Navehornet og Mevatna og går over høgde 538. Der er det skilta stikryss mot Vaulsnipa. Ruta går vidare ned på vestsida av høgde 538 og deretter i litt sørlig retning før ein går mot vest og opp ryggen. Oppe frå ryggen ser ein topp-punktet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61. Parkeringa og rutestart ligg på Maurstadeidet, 7,3 km frå krysset på Åheim i sørenden av Bekslevatnet. Ein parkerar ved rasteplassen.

Kvar kan du parkere?

Gratis og god parkering ved rutestart.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,32
Dårlig sti 0,48
Natur 0,10
Lengde tur/retur (km) 4,9 t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 150 30
Bratteste helning ned 150 30
Total stigning 493 Høydemeter

Mobildekning

Dårlig dekning ved rutestart og opp skaret. Deretter bra dekning.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.