Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Kyrkjetinden (Ørsta)

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

7,1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her tek stien av til Kyrkjetinden
Toppen langt der oppe
Gå rett fram her mot steinen (730 moh)
Ta gjerne turen ut hit
Inst i Skytjedalen der du kryssar elva
Utsikt mot Ørsta/Hovdebygda

Kyrkjetinden (Ørsta)

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Kyrketinden er nabotoppen til Saudehornet, men med betydeleg færre besøkande. Sjølv om det er ein sentrumsnær topp, kan du gå her i ro og fred, oftast åleine. Det er flott å gå inn Skytjedalen, og det er flott utsikt både på veg opp og på toppen. Ta gjerne ein avstikkar til "tuppen" som ligg til høgre.

Kvar i terrenget går turen?

Start på grusveg som tek av frå Fonnavegen. Følg denne omlag 100 m, ta av til høgre og gå inn på ein sti som går oppe på ein voll. Du kan også følge grusvegen til neste sving og gå inn på stien her (N62° 12.593' E6° 08.951'). Følg stien gjennom granskog. Tidlegare gjekk ein inne i skogen, men no har mykje av skogen blitt tatt ned, så no går ein i ope og fritt lende det meste av vegen. Like etter granskogen deler stien seg ved ein stein (480 moh - N62° 13.080' E6° 08.845'). Stien som går rett fram og er tydelegast går vidare til Vallahornet. Stien til Kyrkjetinden, som går til høgre, er litt mindre tydeleg, men grei å følge heile vegen inn Skytjedalen og til du kryssar elva. Herifår er han vanskelegare å finne. Ved eit vått felt/bregnefelt 730 moh (N62° 13.551' E6° 09.065') kryssar du dette feltet og går rett fram mot ein stein oppe på høgda. Ved denne steinen svingar stien svakt mot venstre i retning toppen. Her er nokre raudemerke og nokre vardar som du kan sjå etter. Finn du ikkje desse, må du berre sikte deg inn mot toppen og finne beste ruta. Det er ikkje problem å nå toppen sjølv om ein ikkje finn stien.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå rundkøyringa i Ørsta sentrum, følg FV 655 mot Sæbø. Ta va til venstre rett etter kyrka og så første veg til høgre (Støylevegen). Følg denne til endes, ta til høgre og så til venstre opp Fonnavegen til denne svingar til venstre. Her går det ein grusveg til høgre som er stengd med bom. Her startar turen

Kvar kan du parkere?

Det er plass til nokre bilar der turen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6
Dårlig sti 1,1
Lengde tur/retur (km) 7,1
Stigning meter grader
Total stigning 976 Høydemeter

Offentlig transport

Buss til Vallabøen (frammr.no). Ev gå/sykle

Kart

Sunnmørsalpane