English

Kyrfjellet - Seten - rute 56

Vanylven

Kort om turen

Om ein startar frå Øverberg går ein rett inn i eit kultur område, der det har vore seterdrift fram til ca 1950. Vidare når ein kjem opp i høgda (Falketua) opnar det seg ei fantastisk utsikt utover Syvdefjorden, Saurdalen og Røfsdalen. På ein godvèrsdag ser ein ut mot Stadt, Sunnmørsalpane og innover mot Nordfjord. Utsikta ned mot gardane i Saurdalen ser svært dramatisk ut (bilde). Sluttstaden viss ein går ifrå Øverbeg er når ein treff skogsvegen ovanfor Brekke. Sluttstaden viss ein går ifrå Brekke er når ein kjem til p-plassen på Øverberg (skisenter).

Ruteskildring

Viss ein startar frå p-plassen på Øverberg, går ein på steinbrua over elva. Vidare går ein 1 km i flatt terreng, delvis på ein gammal sæterveg mot ei hytte ved Moldstigen. Så blir det slak stigning i bjørkekog opp langs elva opp til Vorskår. Ved N 62` 01 E:05` 42 står det eit skilt. Ved dette skilte skal ein gå imot Seten (Nord) . Når ein har komt opp på Vorskår følger ein fjellryggen i nordaustleg rettning heilt til ein treff skogsbilvegen ovanfor Brekke. Ned frå Kyrfjellhornet er det litt bratt, men ikkje noko problem å gå. Ved start ifrå Myklebust, kjører ein fram til Brekke og tek til venstre opp skogsvegen ved første ferista fram mot Saurdalen. Etter ca 1 km på skogsvegen kjem ein til ein vegvisar (plass til prakering) der ein må byrje å gå mot Seten. Dette er samme turen som frå Øverberg berre i motsatt rettning.

Tilkomst og parkering

Ved start ifrå Øverberg; Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal (6km). Deretter ca 2km på kommunal veg (grus) mot Øverberg. Ved start ifrå Myklebust; Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal, etter ca 2km (forbi Brekke) tek ein til venstre opp skogsvegen ved første ferista fram mot Saurdalen. Viss ein parkerar på Øverberg kostar dette 20 kr for eit dagskort.
Fottur
Blå
Lengde
8,6 km en vei
Stigning
520 m
Tidsbruk
5 t. 40 min.

Løype på kart

Kart

Vanylven
Køyreskildring
Print ut