English

Kvitegga (Volda)

Stranda / Volda

Kort om turen

Kvitegga er høgste fjellet i Volda kommune (1699,8 moh) og skituren dit er ein populær vårskitur. På turen til Kvitegga får du ei fantastisk utsikt til dei kringliggande toppane. Sjølv om Kvitegga ligg i Volda kommune har denne skituren start i Stranda kommune og nesten heile turen går i Stranda kommune.

Ruteskildring

Frå parkering i Nibbedalen går du mot vest midt i Snødalen og siktar deg inn på Brattbakken som ligg mellom Kvanngrønibba og Blåfjellet. I starten er det ein fordel å følge sommarråsa eit stykke opp gjennom skogen då skogen er svært tett. Når du er komen oppom skogen, går du beint mot Brattbakken på kote 1300 og kryssar opp denne. Brattbakken er ein isbre med ei helling på 35 grader. Mykje av turen går på bre, og det kan vere bresprekker du må passe deg for. Utstyr for ferdsel på bré kan vere nødvendig. Når du er komen opp Brattbakken tek du sikte på topp 1587 og komen dit må du ned ca 20 hm før du svingar mot nord og går opp mot toppen. Pass på å ikkje gå for nær utpå kantane då der kan vere store utoverhengande skavlar. Nedkøyringa går etter same rute som opp, men vil nok verte litt lenger då dei fleste brukar meir av terrenget på nedturen.

Tilkomst og parkering

Fv 60 mellom Stranda og Grodås til Tryggestad, ta av på fv 655 opp Nibbedalen og køyrer 1,4 km, då er der ein grusveg som går opp til venstre til eit grustak, parker her. Dersom vegen opp til grustaket ikkje er brøyta er einaste parkeringsmoglegheit ved fv 655. Dersom det er lite snø er vegen opp til grustaket åpen, då kan du parkere der. Dersom den vegen ikkje er brøyta må du prøve å parkere langs fv 655.
Skitur
Svart Topptur
Lengde
5,84 km en vei
Stigning
1430 m
Tidsbruk
4 t. 50 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
1699 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Kart

M711 1219 II og III, Sunnmørsalpane.
Køyreskildring
Print ut