English

Kurlå

Stranda

Kort om turen

Mykje av turen går langs med Sunnylvsfjorden med godt utsyn, og en går forbi fleire kulturminner. Kurlå er siste husmannsplassen som står langs Sunnylvsfjorden. Den er no fullrestaurert av Storfjordens Venner. Ferdig restaurert i 2016. I tillegg går en forbi 2 andre husmannsplasser på vegen til Kurlå, det er Bergane og Åseneset. I Jogarden står der ein bauta, der den fyrste kyrkja i Sunnylven stod. Endepunkt for turen er husmannsplassen Kurlå. Ein går same vegen tilbake. (Ein kan eventuelt gå opp til gardane i Åsen og følge vegen derifrå og ned til Hellesylt stadion igjen, dette gjev ein fin rundtur om ein ønskjer å forlenge turen, denne turen er ikkje beskreven på kartet.)

Ruteskildring

Turen starter ved Hellesylt Stadion, følger så asfalter vei mot Sunnylvsbygda i ca 150 meter. Ein tek så til venstre, over brua og går mot dei to gardane i Jogarden. I krysset i tunet til dei to gardane tek en så til venstre og følger en grusveg til endes (gamle Shellkaia). Her går turen over til terreng, sti og svaberg til Åseneset. Når ein kjem til Åseneset er der eit kryss med fleire stier, en følger då merkinga som går til Kurlå.

Hugs på at estimert tidsbruk kan variere frå person til person. 

Tilkomst og parkering

Turen startar ved Hellesylt stadion, her er god parkeringstilhøve. Ta til høgre (ved Formvac AS) med det same du kjem ned til Hellesylt sentrum og køyr ca 300 m, du er no framme ved Hellesylt Stadion. Det er ikkje parkeringsavgift her. 

Fottur
Grønn
Lengde
2 km en vei
Stigning
54 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
56 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Sti 1,1

Offentleg transport

Ruter.no
Køyreskildring
Print ut