Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Kulturstien rundt Lepsøya

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

12

Lengde en vei (km)

6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Porten
Utsikt frå Hestdalen
Innover mot Rået
Bryggja

Kulturstien rundt Lepsøya

Fotograf: Aina

Kvifor gå denne turen?

Variert turopplevelse med kultur- og fornminne som krydder på vegen. Informasjonsplakatar og bokser med lokal lydguide der du høyrer om hendingar og historier frå gammalt.

Rundt øya er der fleire holer, eller sjøhellarar, som kan vere vel verdt å sjå. Særleg Rønstadhellaren, men også Setshellaren (62.635221 N, 6.154949 E ) er flotte turmål i seg sjølv. Setshellaren er mørk, så her trengs lommelykt.

Kvar i terrenget går turen?

Her følgjer ein ei godt merkt rås som aldri er langt frå havet. Underlaget er mykje svaberg og sti som kan vere sleip i regnvêr.

Stykket mellom Rønstad og Rået kan vere litt krevjande på grunn av litt klyv på berga, men ein kan velje alternativ rås (Øvsteråsa) som er skilta frå Rået og Rønstad. Då gjeng ein glipp av Smalhans, men får til gjengled ei god utsikt utover rået med tonar til.

Kulturminne

Minneplate om Columbine som kom frå Shetland og dreiv i land i Rået. 62.617192 N, 6.147287 E
Gravrøyser i Rået med informasjonsplakat 62.620573 N, 6.145409 E
Rønstadhellaren, ein av dei største sjøhellarane i Nord-Europa. Arkeologiske utgravingar har funne spor etter menneskleg aktivitet for 2000 år sidan. 62.619079 N, 6.150961 E
Tufter etter sommarfjøs i Omnen. På slutten av 1700-talet flytta dei siste folka herfrå til Hellevika. 62.637592 N, 6.144507 E


Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start anten frå Hellevik (62.633796 N, 6.167005 E) eller Rønstad (62.613225 N, 6.161336 E)
Frå ferjekaia til Rønstad er det 6 km bilveg, og gode parkeringsmoglegheiter.
Frå ferjekaia til Hellevik er det 4 km bilveg, men litt fleire bakkar, ikkje så gode parkeringsmoglegheiter.

Kvar endar turen?

Bryggja: flate svaberg med rosenrot i bergveggen og ope hav. ( 62.632728N, 6.127759E ) om lag halvvegs mellom Rønstad og Hellevik

Kvar kan du parkere?

Rønstad: gode parkeringsmoglegheiter
Hellevik: ikkje så gode parkeringsmoglegheiter

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 10
Dårlig sti 2
Lengde tur/retur (km) 12
Lengde en vei (km) 6

Mobildekning

Stort sett mobildekning, bortsett frå stykket mellom Bryggja og Hellevika

Spesielle forhold

Denne turen vert i sleipaste laget ved minusgrader. Berga vert særs glatte når det er frost.

Kart

093 Vigra