Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Kroken (Gamlevegen, Norddal)

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3

Lengde en vei (km)

1,5

Total lengde rundtur (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt over bygda Norddal frå gamlevegane
For den som likar fart og spenning kan ein fint ta med seg sykkelen på denne turen
På ein tur som dette er det turen som er målet. Her er mykje spanande å utforske for både store og små

Kroken (Gamlevegen, Norddal)

Kvifor gå denne turen?

Turen til Kroken går langs den gamle kjerrevegen frå bygda og opp til fjellgardane Gjæra, Hatlestad og Lillås. Før den nye bilvegen kom, var dette hovudvegen både til dei som budde på fjellgardane og for dei som skulle til Rellingsætra.
I dag er kjerrevegen mest brukt til turgåing. Vegen er framleis open, men er grasdekt.

Kroken er der vegen snur, om lag 1,5 km etter startpunktet.
Vegen opp til Kroken går i eit fint beitelandskap og ein har utsikt til bygda store delar av vegen. På veg opp til Kroken går ein over nokre spanande elever, fine bruer og nokre steinar som er ypperlig for barna å klatre på.

Kvar i terrenget går turen?

Turen følg ein gamal graskledd kjærreveg. Det er ingen vanskelige parti, men det er noko stigning. Underlaget er noko ujamt, så dersom ein er ustø til beins, kan eit par stavar vere til hjelp.
Det er også fullt mogleg å sykle både opp og ned denne vegen, men ta hensyn til turgåarar og beitande dyr.

Turen startar ved å gå gjennom ei grind like ved vegen. Vidare følg ein kjærrevegen oppover fjellsida opp til Kroken, der vegen snur 180 grader.

Dersom ein vil gå vidare når ein kjem til Kroken, kan ein anten følgje vegen opp til Gjæra eller halda fram i sør-austleg retning, mot ei rås som fører opp til bilvegen. Då kan ein følgje bilvegen ned til bygda.

Kulturminne

Turen går gjennom eit kulturlandskap som er skapt gjennom lange bondetradisjonar, og som blir halde ved like av dagens bønder.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ein kan parkere bilen ved Dalsbygda barnehage. Om lag 100 meter frå parkeringsplassen finn ein ei grind ved sidan av bilvegen. Her startar turen.

Kvar endar turen?

Turmålet er Kroken, der vegen snur.

Kvar kan du parkere?

Dalsbygda barnehage, gratis.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1,5
Total lengde rundtur (km) 3
Stigning meter grader
Total stigning 200 Høydemeter