English

Kornbergveten

Volda

Kort om turen

Turen går langs austsida av Dalsfjorden og det er flott utsyn til fleire fjordarmar på Søre Sunnmøre. Det er også ein tur med forholdsvis lite stigning, og den passar difor for dei fleste.

Ruteskildring

Start ved dyrkamark på Folkestadsætra. Følg vegen som går langs gjerdet og vidare skogsvegen til endes. Her finn du stien som går vidare, først over myrlendt område og så på tørt underlag på ryggen heile vegen til Kornbergveten. Det er også nokre myrparti mot slutten, men elles er stien tørr og fin. Undervegs er det eit par småtoppar som gir godt utsyn. På Galten (N62° 07.267' E5° 59.091') stoppar dei fleste for å la seg fotografere på steinen som stikk ut. Vis varsemd her, det er langt ned! Frå Galten ser du turmålet. Følg stien som går langs kanten. På Kornbergveten er der ei hytte som du kan nytte om du vil. Hugs å rydde etter deg og stenge gluggar og døra når du forlet hytta.

Tilkomst og parkering

Like etter fergekaia på Folkestad tek du av til Lauvstad. Ved Coop tek du av til venstre, nesten 180° (Råsa). Følg vegen vidare, utan å ta av sidevegar, heile vegen til Folkestadsætra. Det er bomveg (personbil kr.30 i 2018). Her er ei turtavle som viser kvar du kan parkere. Det er m.a. lagt til rette for parkering ved starten av vegen som går langs dyrkafeltet.
Fottur
Blå
Lengde
9 km en vei
Stigning
417 m
Tidsbruk
1 t ein ve
Høyeste punkt
553 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 9

Offentleg transport

Ein del går frå fergekaia og til start. Du kan ogå starte i Mjeltebakkane; skilta ca 1 km etter bomstasjonen. Sjå turomtale til Galten

Anna

Kart

Søre Sunnmøre

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps
Køyreskildring
Print ut