Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Kolgrovtua - Øyranakken - rute 81

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2,8 km t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Delar av turen går i relativt open granskog
På veg opp dei siste bakkane med dei majestetiske Breiteigsfjella i bakgrunnen
Flott utsikt med maigrøne bjørker og nysnø i dei høgste fjella
Oversiktsbilete over området

Kolgrovtua - Øyranakken - rute 81

Fotograf: John Willy Klungre

Kvifor gå denne turen?

Kort og grei utsiktstur der ein kjem til første utsiktspunktet på Øyranakken allereie etter 500 meter. Variert terreng med blandingsskog, open granskog og område med ope terreng. Nokre bratte parti, men ein tur som er veleigna som familietur. Sluttmålet og utsiktspunktet Kolgrovtua er utsiktsplatået til Storehornet som ligg rett bak. I staden for å gå ned igjen til startpunket kan Kolgrovtua vere eit godt utgangspunkt for turar vidare til Sandnessætra i Sandnesdalen, eller til Vorakinna.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar med eit kort stykke på innmark før ein går langs ein bekk i open granskog. Deretter går ein i gjengrodd beite før ein kjem til første turmål og utsiktspunkt på Øyranakken. Etter ein kort etappe der ein går gjennom relativt open granskog kjem ein igjen ut i ope terreng. Etter eit bratt parti i starten av det opne terrenget blir det etterkvart noko slakare opp mot toppen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Startar ca 100 meter frå den gamle Øyraskulen på Øyra på Eidså. Startpunktet er skilta og ruta er godt og tydeleg merka.

Kvar kan du parkere?

Det går vanlegvis greitt å parkere nær gamleskulen på Øyra

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2
Dårlig sti 0,8
Lengde tur/retur (km) 2,8 km t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 20
Bratteste helning ned 20 200
Total stigning 450 Høydemeter

Mobildekning

Grei dekning på heile turen

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven