English

Kokarsteinen ved Dyrkorn

Fjord

Kort om turen

Fin, lett tur på asfalt (delar av turen er likevel ikkje veleigna for bruk av rullestol), frå Dyrkorn til Kokarsteinen med fjordutsikt heile vegen. Lett stigning på turen. Du finn turkassa ved ei lita utkøyrsle før Ramskjerneset. Når du rundar Ramskjerneset ser du Kokarsteinen. Ved Kokarsteinen er det gatekjøkken som er ope i sommarhalvåret.

Ruteskildring

Start ved busskur på Dyrkorn og gå langs gamlevegen til venstre for tunnelen. Jamn stigning på asfaltert veg. Turen går på gamlevegen som vart avløyst av den 1,5 km lange Dyrkorntunnelen i 2003. På andre sida av fjorden ser du m.a. fjellgardane på Skotet. Ser du innover fjorden, kan du m.a. sjå Stordalsholmen.
Ved Kokarsteinen er det bratt rås ned til sjøen med fiskemuligheiter. Ved Kokarsteinen er det laga eit monument av steiner, som erstattar den opprinnelege Kokarsteinen. Den opprinnelege Kokarsteinen var gigantisk (sjå bilde). Toppen av den måtte etter kvart sprengast vekk fordi den stakk ut over vegbana.

NB! I og med at dette er vegen, slik den gjekk før Dyrkorntunnelen vart opna, er det naturlegvis greit å velge andre turmål i periodar med mykje nedbør. Til liks med fleire andre turmål i fylket vårt, vil ein aldri kunne vere 100% sikker i høve til dette med steinsprang og/eller ras.

Tilkomst og parkering

Ved Fv 650 på Dyrkorn, eller på parkeringsplass aust for kaia på Dyrkorn.

Fottur
Grønn
Lengde
1,9 km en vei
Stigning
50 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
45 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 3,8

Offentleg transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Anna

NB! I og med at dette er vegen, slik den gjekk før Dyrkorntunnelen vart opna, er det naturlegvis greit å velge andre turmål i periodar med mykje nedbør. Til liks med fleire andre turmål i fylket vårt, vil ein aldri kunne vere 100% sikker i høve til dette med steinsprang og/eller ras.

Kart

Turkart Ørskogfjellet

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut