English

Knyken

Surnadal

Kort om turen

Fjellet Honnstadknyken, også kalla berre Knyken, ragar 1071 meter over havet i sentrum av Surnadal. Høgdemetrane til tross: Tek ein dagen til hjelp, vil «Knyken» vera eit realistisk mål for dei fleste. Det er mykje stigning, men sidan turen er ganske lang, blir motbakkane overkommelege. 

Ruteskildring

Det enklaste er om du følgjer bomvegen som går opp gjennom Skeisnebba hytteområde og parkerer på parkeringsplassen ved enden av vegen. Her kan du følgje ein merka snarveg som etter ei stund fører inn på den «offisielle» Knykstien. Denne startar eigentleg i siste svingen før toppen, men her er det muleg å parkere for berre ein bil. Alternativ trase: Vil du ha ein lengre tur, eller spare bompengane, kan du parkere nede ved riksvegen. Da går du opp til eitt av startpunkta lenger opp.

Tilkomst og parkering

Det er parkeringsplass ved enden av bomvegen som går opp gjennom Skeisnebba hytteområde. Alternative startpunkt: Nede ved riksvegen (før bommen) eller ved infotavla i yttersvingen før siste bakken opp mot toppen av vegen. Dersom du startar nede ved riksvegen, kan du reise med Nettbuss fram til startpunktet. Hugs bompengar, 60 kr for personbil!

Fottur
Rød
Lengde
13 km tur/retur
Stigning
867 m
Tidsbruk
8 t. 20 min.
Høyeste punkt
1051 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Offentleg transport

Dersom du startar nede ved riksvegen, kan du reise med Nettbuss fram til startpunktet.

Anna

Det er lagt stein og klopper på mange av dei blautaste strekningane. Stien er skilta etter nasjonal standard. NB! Gps-fila viser den offisielle (tidlegare) stien. Tek du snarvegen frå toppen av bomvegen, er du likevel snart inne på denne.

Kart

Fjordruta

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant eller Vipps
Køyreskildring
Print ut