Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

2,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Trolsk stemning på tur oppover mot kleiva. Foto: Juanita Møkkelgård
Idyllisk mellom bygningane på Kleiva. Foto: Maja Frønes

Kleiva

Fotograf: Maja Frønes, Juanita Møkkelgård

Kvifor gå denne turen?

Har du ei ledig stund til bussen din går? Treng du ein kort tur ut for å strekke på beina, eller få fart på dei små grå? Eller vil du sjå ein diktarheim litt utanom det vanlege? Da kan du du ta deg ein tur opp til Kleiva, som ligg høgt oppi lia ovanfor Skei i Surnadal. Her budde bygdediktaren Hans Hyldbakk som Kleivakonge og eineherskar medan han levde. Bygningane er i dag ein del av Surnadal museum, og årleg samlar Vårsøghelga surnadalingane til Kleivakveld her oppe. Likevel er det enno alt for få som har oppdaga denne svært så sentrale turperla som ligg så nært at alle kan nå henne. Ein spasertur på ein stor kilometer etter grusveg er alt som skal til!

Kvar i terrenget går turen?

Viss du startar ved Surnadal kulturhus, går du over fotgjengarfeltet mot Coop Mega og skrår til høgre over parkeringsplassen du kjem inn på. Gå til venstre inn på vegen som går forbi Coop og ned mot Leitet. Rett etter å ha passert Coop tek du av inn på ein sideveg som skrår seg opp på øversida av vegen. Denne går inn under riksvegen like ved krysset og går parallelt med riksvegen nokre meter før den svingar seg oppover lia. Etter ca 1 km kjem du til ein krapp venstresving. Kleiva ligg i innersvingen her, og vegen ned til husa går ned i øverkant av svingen.

Kulturminne

Turmålet er den tidlegare heimen til bygdediktaren Hans Hyldbakk, og ligg høgt oppe i lia ovanfor Skei, sentrum i Surnadal. Her kan du sjå bygningane han budde i og nyte utsikten over bygda slik Hyldbakk gjorde da han budde der.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Surnadal kulturhus/Skei i Surnadal

Kvar endar turen?

Diktarheimen Kleiva

Kvar kan du parkere?

Det er to store parkeringsplassar rett utanfor Coop Mega på Skei. Den som ligg nærast butikken, er reservert kundane deira. Den som ligg utanfor denne, nærare Kulturhuset, er derimot open for alle.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6
Fast grus 1,6
Lengde tur/retur (km) 2,2
Stigning meter grader
Total stigning 100 m Høydemeter

Offentlig transport

Startpunktet ligg så å seie på busshaldeplassen på Skei.

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Du kan gå til Kleiva heile året når føret tillet det, men husa er berre opne for omvisning etter avtale med Nordmøre museum (http://www.nordmore.museum.no) eller ved særskilte arrangement. Sjå eks. http://www.varsoghelga.no.

Kart

Ikkje nødvendig