Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Skitur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

13,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot nordvest, vi ser fjella i Vanylven
Der oppe er toppen, vi ser Storetoren, Ljosuregga og høgda 1097 i bakgrunnen
Steinhytta ved Tjønndalsvatnet, løypa går gjennom skaret midt i bildet
Klakken sett frå høgda 1097.

Klakken

Kvifor gå denne turen?

Klakken ligg heilt sør i Volda kommune, mellom Dalsfjorden, Bjørkedalen og Harpefossen. Du har ei fantastisk utsikt i alle retningar frå toppen. Klakken er ein tur der det er mest naturleg å starte i Sogn og Fjordane då der er god tilkomst frå Harpefossen skisenter. Nordfjordingane kallar Klakken for Sandegga, så all skilting mot toppen er merka med Sandegga. Ver varsam når du kjem på toppen då der er svært bratt utføre på nord og austsida med store utoverhengande skavlar.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved nedre heisstasjon i Furuhogane, ekte Sunnmøringar går opp på austsida av trekket og opp til Tjønndalsvatnet, andre tek trekket opp, det går også å ta hovedtrekket opp og gå opp til Tjønndalsvatnet. Gå på austsida av vatnet og gjennom skaret opp til Kringlevatnet. Gå på austsida av Kringlevatnet og følg dalen mot nordaust og opp til høgda 1097, skilta med Steinegga, då ser du rett bort på Klakken. Vanlegvis er her preparerte løyper heilt til hit. Herifrå må du ned i skaret mellom 1097 og Klakken, gå så nordover mot toppen, det kan vere ein fordel å gå litt mot vest og krysse eit par gongar opp gjennom sida. Ver varsam når du kjem opp, utforhengande skavlar på nord og austsida. Turen er skilta med Nordfjordnavnet Sandegga.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå rv 15 på Haugen vestapå Nordfjordeid, skilta mot Harpefossen skisenter. Køyr fv 661 og ta til høgre på Espe og køyr til Harpefossen.

Kvar kan du parkere?

Harpefossen skisenter Furuhogane, avgift kr 50 (2013)

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 8
Ikke preparerte løyper 5,6
Lengde tur/retur (km) 13,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 17
Bratteste helning ned 200 17
Total stigning 1000 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

Kart 1119 II, 1218 I og Turkartet På Tur i Vanylven.