Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Skitur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6,8

Lengde en vei (km)

3,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her startar du: Frå parkerigsplassen går du tilbake på nersida av vegen eit par hundre meter før du kryssar vegen og svingar oppover.
Frå startpunktet går det jamnt oppover.
Flott utsikt heile turen.
Utsiktspunktet Klåberget.
Frå Klåberget er det muleg å forlenge turen opp til masta på toppen av strengen.
Klåberget er eit flott utsiktspunkt.

Klåberget

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Når snøforholda tillet det, er det oppkøyrt skiløype til Klåberget frå klubbhuset til i.l. Søya på Vang. Dette turmålet er eit flott utsiktspunkt og turen opp dit ein fin trimtur. Det er jamn stigning frå startpunktet opp til Klåberget, og når du kjem opp dit, har du valget mellom å få ei rask nedkøyring til Vang igjen ved å køyre same veg ned, eller gjera turen til ein rundtur med ein litt slakare nedfart.

Frå Klåberget kan ein óg fortsette vidare mot toppen av fjellet Strengen. Ein kan da anten gå «beint opp», eller gå slakare ruter, og når ein skal renne ned igjen, er det fleire alternative ruter å velje mellom. Her er det også muleg å koma inn på løype oppkjørt frå alpinanlegget i Surnadal. Løypa opp til toppen av Strengen er ikkje oppkjørt heile vinteren.

Dette er ein Stikk UT!-skitur, og den kan som sagt gjerast om til ein «rundtur». Da kan ein følgje løypetraseen som går vestover frå Klåberget, mot Fagerlivarden, Finnvikslettet og ned Langliene. På denne turen passerer du Haukarberget, der il Søya har trimbok. Skitraseen ned Langliene endar óg ved parkeringsplassen ved Vang skiarena. Vel ein å ta turen som «rundtur», får ein ei langt slakare nedrenning enn om ein renner ned same vegen som ein gjekk opp. Ein kan og sjølvsagt gå motsatt veg – starte opp Langliene og renne ned skogsvegen vest for Røgardane.

Kvar i terrenget går turen?

Etter å ha parkert ved skiarenaen, går du i retninga du kom frå (austover) på nersida av vegen nokre hundre meter. Kryss vegen og Røelva og følj skogsveg opp til «Utigardshytta». Vidare oppover er det opparbeidd løypetrase for tråkkemaskin heilt opp til Stikk UT!-posten. Ein kan renne ned same vegen, eller etter ei av dei andre opptråkka løypene i området.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Denne turen startar ved Vang skiarena i Røgrenda i Surnadal kommune. Dersom du er ukjent og skal køyre til startpunktet, kan det vera lurt å ta utgangspunkt i eit vegkryss på riksveg 670. Dette ligg ein stor km frå fergeleiet på Kvanne i retning Skei. På øversida av vegen her startar Røvegen. Herifrå er vegen mot Vang skiarena skilta, og det er i underkant av tre kilometer fram dit. Ved skiarenaen parkerer du ved skilta parkering.

Kvar kan du parkere?

Gratis parkering

Rute på kart

Forklaring på fargekoder til løypene

  • Mindre enn tre timer siden
  • tre til seks timer siden
  • i dag, mer enn seks timer siden
  • i går
  • to dager siden
  • 3-15 dager siden
  • 15-30 dager siden
  • Mer enn 30 dager siden

Kart løypeinfo

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 6,8
Lengde tur/retur (km) 6,8
Lengde en vei (km) 3,4
Stigning meter grader
Total stigning 430 Høydemeter

Offentlig transport

Nei.

Mobildekning

Ja

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

Du kan laste ned turkart over området her: http://www.ilsoya.no/blog/post/88947/nytt-kart-for-sommerturer.?ispage=false.