Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

6,6 km

Lengde en vei (km)

3,3 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot Kvitegga, Hornindalsrokken, Rokkekjerringa, Bjørkehornet og Atorhornet.
Utsikt mot Leira, Sellereite, Kalnes, Finnes og Bjørke.
Mot Viddal.
Her kan ein ta av mot Dukhornet.
Turbokboks på toppen. Dukhornet bak til venstre.
Kart over området.

Kjerringkjeftane

Fotograf: Even Kåre Holte

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein lettgått tur som gjev ei fantastisk utsikt over indre del av Hjørundfjorden / Storfjorden.
Utsikt til mange av dei flottaste toppane i Hjørundfjorden, og spektakuler utsikt ned mot Finnes og Kalnes. Turboka er plassert på det høgste punktet ( 1028 m.o.h ), men skal du få med deg den flottaste utsikta bør du gå nokre hundre meter til du kjem fram på kanten rett oppom Finnes.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ca. 300 m.o.h. og går frå Bakkedalsvegen og langs elva oppover mot Ryssadalen og vidare mot Kjerringkjeftane. Start er skilta på oppsida av Bakkedalsvegen. Første del av stien kan av og til vere litt våt, men så vert det tørt og fint når ein kjem lenger opp. Går normalt greitt å krysse elva, men kan vere litt vanskeleg ved spesiellt stor vassføring. Dersom ein vil ha ein lenger tur kan ein ta til venstre eit stykke før ein kryssar elva, og gå opp på Dukhornet. Så kan ein gå ned frå Dukhornet til Russadalen og så opp på Kjerringkjeftane.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Når ein kjem frå Kalvatn / Kvivsvegen så køyrer ein Skjåstaddalen til Bjørke. I vegkrysset nedom Bjørke skule tek ein til venstre mot Finnes der ein så køyrer oppover Bakkedalsvegen. Litt oppom Finnes er det betalingsboks for bompengar. Kr. 45.- som ein kan betale med kontantar eller på SMS.

Kvar endar turen?

Kjerringkjeftane.

Kvar kan du parkere?

Parker langsmed vegen. Pass på at du ikkje parkerer til hinder for andre.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2
Dårlig sti 0,5
Natur 0,8
Lengde tur/retur (km) 6,6 km
Lengde en vei (km) 3,3 km
Stigning meter grader
Total stigning ca. 700 m Høydemeter

Mobildekning

Mobildekning det meste av vegen, men kan oppleve manglande dekning somme plassar før ein når toppen.

Kart

Sunnmørsalpane