Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

ca. 4

Lengde en vei (km)

ca 2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Idyll ved båtstøa i søraustenden av Kilstivatnet
Møte med geiteflokken ved Kilstivatnet
Ved Kilstivatnet er det fine badeplassar og enkle bålplassar
Vakkert ved Kilstisetra

Kilstisetra

Fotograf: Merete Løvoll Rønneberg

Kvifor gå denne turen?

Turen til Kilstisetra er ein lett tur der du får svært godt betalt: Eit uvanleg vakkert kultur- og naturlandskap innafor verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland, fiskemoglegheiter i Kilstivatnet (hugs å kjøpe fiskekort i gardstuna på Kilsti), eller kanskje eit friskt bad? Kilstisetra vert rekna som ei av dei vakraste setrene på Sunnmøre. Ein flott familietur, der dei fleste 3-4 åringar greier å gå heile turen sjølv.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar på parkeringsplassen Gjerdeneset på Kilsti. Flott utsyn over Eidsdal sentrum, fjorden og Norddalsbygdene frå parkeringsplassen. Her er det òg sett opp ei informasjonstavle med oversyn over aktuelle turar i området og innteikning av alle rutene på flyfoto. Ruta til Kilstisetra er godt merka og skilta frå parkeringsplassen. Ein går fyrst oppover bakken ved parkeringsplassen. Her kan myra vere litt våt i regnvêrsperiodar. Etter kring 150 meter vert terrenget lettare, og ein kryssar ei elv på god bru. Vidare opp til Kilstivatnet der råsa svingar over ein liten kolle før ein kjem ned til ei båtstø med eit naust.
Ruta går vidare over ein slak kolle før råsa går langs Kilstivatnet heilt inn til Kilstisetra.

Merk: Dersom ein har barnevogn, kan ein fylgje kommunevegen vel 300 meter vidare frå parkeringsplassen til eit gardstun. Det går grusveg/traktorveg gjennom gardstunet og opp til båtstøa ved Kilstivatnet, og går fint å trille vogn opp. Vi oppmodar om at folk flest likevel nyttar den merka turruta. Grunneigarane er gjestfrie folk, men det er ikkje kjekt å ha eit kontinuerleg "renn av folk" gjennom tunet.

Kulturminne

Kilstisetra er turmålet på denne ruta

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar frå parkeringsplassen på Gjerdeneset, Kilsti.
Frå Eidsdal sentrum fylgjer ein rv. 63 kring 6-7 km opp til Rønnebergvegen. Det er skilta til Rønneberg/Kilsti. Ta av frå hovudvegen og følg Rønnebergvegen i 5-6 km til parkeringsplassen på Gjerdeneset. I sommarsesongen er det sett opp bord/benkar på parkeringsplassen.
Vegskiftet til Rønnebergvegen ligg mellom Eidsvatnet og Eidsdal sentrum.

Kvar endar turen?

Kilstisetra er turmålet.

Kvar kan du parkere?

Gjerdeneset, Kilsti. Ikkje parkeringsavgift

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4 km
Lengde tur/retur (km) ca. 4
Lengde en vei (km) ca 2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 40 høgdemeter
Total stigning ca.65 Høydemeter

Offentlig transport

Det går skulebuss til Kilsti i skuleåret. Avgang frå Eidsdal sentrum kl.14.

Mobildekning

ja

Spesielle forhold

Turen er godt skildra i boka "Opptur Geirangerfjorden".
Turen inn til Kilstisetra er fyrste etappen på ein runde ein kan forlenge til å omfatte heile "Kilstimarkene". Då kan ein gå innom to sætrar og 2-3 fjordgardar i løpet av ein dag. Dette er ein fin tur med litt større barn, og sjølvsagt ei perle for dei som ynskjer å besøke fleire av fjordgardane våre.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50 000 og turkart Stranda kommune 1:50 000