English

Keipen

Sande

Kort om turen

Keipen ligg på sørsida av Gursken med god utsikt over Gursken, Skogevatnet og Middagsvatna/Mørkevatna. Fordi skituren til Keipen fyljer dalane innover fjellet er turen berre ca 300 høgdemeter mot fotturen som fyljer fjellryggane og er ca 500 høgdemeter.

Ruteskildring

Den merka råsa til fotturen til Keipen egner seg ikkje som skitur, då den går etter fjellryggane. Her ute ved kysten er fjellryggane ofte blesne fri for snø, så du bør bruke GPS fila og denne turbeskrivelsen.Turen byrjar ved parkeringsplassen på toppen av Drageskaret. Den går etter fjellryggen Langhamrane, her kan det vere ein fordel å gå litt på nordsida, då sjølve Langhamrane ofte er snøfri. Når du kjem oppå kanten går du på sørsida av Knottahornet og Sevtjønna og fyljer dalen innover mot Langevetevatnet. Gå så mellom Langevetevatnet og Bjørkavatnet, vidare mellom Middagsvatna og fylj dalen på nordsida av det austlegaste Middagsvatnet og inn til Keipen. Turen sluttar ved trimposten til Gursken IL. Høgste toppen på Keipen ligg ca 100m lenger mot aust.

Tilkomst og parkering

Drageskaret på fv 61 mellom Gursken og Larsnes. Parkeringsplass på toppen av Drageskaret, den er vanlegvis brøyta.
Skitur
Blå Fjell
Lengde
4,20 km en vei
Stigning
297 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
409 moh

Løype på kart

Offentleg transport

frammr.no

Anna

Middagsvatna er også kalla Mørkevatna.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut