English

Litledalstinden om Keipen

Ørsta

Kort om turen

Ein av mange flotte turar i Bondalen! Variert med nokre slakke parti, nokre brattare parti, og litt småklyving, men ikkje utsett. Flott utsikt på det meste av turen. 

Ruteskildring

Start ved hyttene øvst i Heimste Holen: Gå på tydeleg sti i ca. 2 km til du kryssar elva (ca. 600 moh). Like etter at du har kryssa elva deler stien seg (N62° 13.100' E6° 25.008'). Du skal ta av til høgre på ein litt mindre tydeleg sti enn den som går vidare framover dalen. Det er merka med ein liten varde.Ganske snart ser du ein høg varde oppå ein stein. Ta til høgre rett etter steinen (her er merka med vardar), og snart er du oppe på ein rygg. Stien er grei å finne heile vegen opp til Keipen, delvis merka med vardar. Ta deg tid til å stoppe på Keipen (965 moh). Det er flott utsikt her! Om du vil, kan du la dette vere dagens turmål, eller du kan gå vidare til Litledalshornet som du ser lenger oppe. Det er ca 300 høgdemeter dit. Det er tydeleg trakk vidare så det er lett å finne ei god rute. Nokre vil nok synest at det er litt meir krevande/utsett, og det er også litt enkel klyving. Men det er ingen spesielt utsette parti/punkt så dei fleste vil nok synest at det er greit å gå hit.

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta følger du FV655 mot Sæbø. Om lag 2 km før du kjem til Sæbø, tek du av opp Holebrauta. Ta så første veg til høgre (Gamle Bondalsvegen). Du ser straks Heimste Holen og skilt til Standalseidet og Litledalen. Du kan køyre så langt grusvegen Heimste Holen går, opp til nokre hytter, men her er plass til berre nokre få bilar. Pass på så du ikkje står i vegen for nokon. Alternativt kan du parkere ved Holen grustak, like etter at du tek av frå FV655. Då vert det 5-600 m å gå opp til hyttene.

Fottur
Svart
Lengde
9,13 km tur/retur
Stigning
1229 m
Tidsbruk
5 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1279 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 8,6

Offentleg transport

Buss til/frå Sæbø. Gå til start frå FV655 http://www.frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut