Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

8,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Middagsvatna og Veten sett frå Keipen
Almestad og Skogevatnet sett frå Keipen
Er du heldig treff du på desse to
Gursken sett frå Keipen

Keipen

Kvifor gå denne turen?

Keipen ligg på sørsida av Gursken med god utsikt over Gursken. På turen til Keipen passerar du Middagsvatna, der er tillaga med sitteplassar og grue so der er god moglegheit å få grille seg ei pølse og kvile på veg til Keipen. Gursken IL har trimpost på Keipen.

Kvar i terrenget går turen?

Råsa byrjar ved parkeringsplassen på toppen av Drageskaret, den går etter fjellryggen Langhamrane opp forbi kvilesteinen og mellom Knottahornet og Svedehornet, går vidare innover fjellet til du kjem til skilta Keipen Veten, då tek du til venstre. Råsa går då på nordsida av Langevetevatnet, mellom Middagsvatna og derifrå austover til Keipen. Frå Keipen er der moglegheit å fylgje ei rås som går til Torsethornet og utpå Veten og bruke den som alternativ retur. Du kjem inn på sporet ditt ved skiltet Keipen Veten. Alle desse råsene er godt merka.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Drageskaret på fv 61 mellom Gursken og Larsnes.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass på toppen av Drageskaret

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 8,6
Lengde tur/retur (km) 8,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 80 20
Bratteste helning ned 80 20
Total stigning 700 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no