Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Kamben på Bjørke

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

5,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turen startar her. Greit å parkere
Først på skogsveg
Stidele, godt skilta
Du skal over nokre myrlendet område. Sjå etter merking
Frå starten av turen, utsikt mot Bjørke
Utsikt frå Kamben

Kamben på Bjørke

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Ein lett tur som gir deg fin utsikt når du kjem opp på Kamben. Passar for alle, også som familietur.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Bakketunet. Her er det skilta mot Kamben og Leira. Følg skogsvegen knapt 1,5 km. Der skogsvegen sluttar, svingar stien mot venstre. Du kjem til eit stidele der du kan velge å gå til Kamben eller over til Leira. Stien vidare til Kamben er merka. Du kjem om litt opp på myrlendt område. Her kan stien vere litt utydeleg, men sjå deg om etter merking så finn du vegen. På Kamben er det fin utsikt utover fjorden og mot Viddal

Kulturminne

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr E39 frå Volda mot Hornindal. Like før Kvisvtunnelen tek du av ,mot Bjørke og Viddal. Følg FV41 Bueidsvegen. Du køyrer etterkvart langs eit langstrakt vatn (Raudstadvatnet) og like etter eit mindre vatn (Saursvatnet) og så kjem du til eit kryss. Ta av til høgre på Bjørkegardane. (FV41, Hjørundfjordvegen går ned til Bjørke). Du kjem til nokre gardar/hus, ta 90 grader til høgre like etter eit hus og følg vegen vidare. Du skal køyre ca 1,5 km frå der du tok av frå FV41.

Kvar kan du parkere?

Parkering der turen startar, like før Bakketunet

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2,8
God sti 2,0
Dårlig sti 0,5
Lengde tur/retur (km) 5,3
Stigning meter grader
Total stigning 330 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Du kan kombinere turen med besøk i Bakketunet (http://www.bakketunet.com/page/default/om_tunet)

Kart

Sunnmørsalpane