Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Kallskaret frå Herdalsosen

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

10 km

Lengde en vei (km)

5 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Haustlyng. Foto: Kari E. Løvoll Dalhus
Frå stien langsetter Herdalsvatnet, mot Heregga. Foto: Kari E. Løvoll Dalhus
Olivinlandskapet pregar Kallskardalen. Foto: Liv Marit Nystad

Kallskaret frå Herdalsosen

Fotograf: Liv Marit Nystad og Kari E. Løvoll Dalhus

Kvifor gå denne turen?

Variert tur langsetter eit fjellvatn, forbi ein setrestøl og opp over tregrensa.
Det mest spesielle er olivinlandskapet og geologien i den austre delen av Kallskardalen. Her er ryggar av olivin som er rustraude av forvitring. Denne bergarten er næringsfattig, derfor er her elles lite vegetasjon og ein har fått eit "månelandskap". Dette er freda som Kallskaret naturreservat.

På veg opp har ein flott utsikt ned mot Herdalen og ein kan sjå eldgamle fangstanlegg høgt oppe i fjellsida.
Ved enden av turen ser ein den karakteristiske Kallen og har storslått utsikt mot Tafjord.

Kvar i terrenget går turen?

Ver merksam på at det kan ligge snø på denne turen til godt ut i juni. Turen startar litt før ein når osen på Herdalsvatnet, parker ved nausta og gå vegen tilbake til du ser skilt og bru over elva. Gå over brua og vidare langsetter elva til du når vatnet. Ein ulendt sti fører deg langsetter vatnet i ca 1 km, til du har passert ei lita elv. Herfrå går stien bratt oppover til Kallskarsetra med sine to sel.
Stien fortset forbi denne stølen og flatar etterkvart ut når du er opp i dalen. Her er det også fjellvatn.

Stien er godt merka, og den vert rydda kvart år i samband med Jordmormarsjen.

Kulturminne

Kallskarsetra har to sel, det eine har fjøs under. Stølen er fortsatt prega av tidlegare slått og beite.

Lengre opp i fjellsida mot Litlejordhornet kan ein sjå ledegjerder frå tidlegare tiders reinsjakt. Ein ser også ned til Herdalen, ei seter med lang historie, og som framleis er i drift.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Fremst i bygda Norddal er vegen skilta til Herdal, følg denne vegen. Ved grinda betaler ein bompengar, om ein ikkje vil gå også dei 7-8 km fram mot Herdalsvatnet.
Parkering ved Herdalsosen.

Kvar endar turen?

Ein kan fortsette ned til Onilsavatnet i Tafjord dersom ein vil. Her er merka løype, noko bratt og gjennom ei ur.

Kvar kan du parkere?

Ved nausta i nordenden av Herdalsvatnet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,5
Myr 0,5
Lengde tur/retur (km) 10 km
Lengde en vei (km) 5 km
Stigning meter grader
Total stigning 480 Høydemeter

Offentlig transport

Frå Norddal (fjorden) kan ein gå på asfaltert veg 2,5 km, heretter på grusveg 5 km til Herdalsosen.

Mobildekning

Dekning berre på deler av strekninga.

Spesielle forhold

Heile turen går i Geiranger- Herdal landskapsvernområde, øvste delen ligg innanfor Kallskaret naturreservat.

Kart

Turkart Norddal kommune, turkart Tafjordfjella, turkart Stranda kommune