Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Molde

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

5,2 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Julaksla

Fotograf: Carina Stokke

Kvifor gå denne turen?

Turen til Julaksla gjev deg ei fantastisk utsikt over havet i vest og panoramaet av fjell i sør og aust!

Kvar i terrenget går turen?

Stien startar i vegkanten og etter få meter finn du ei informasjonstavle om området.
Stien er ganske tydeleg i starten og ein får kjapt kjenne på motbakken. Der det er som brattast er det lagt ut sikringar. Det er bratt berre eit kort stykke før det flatar ut igjen. Turen består av fleire bratte stigningar og flate platå. Fleire stader dreier stien brått, andre stader er det "falske" stiar, men i slike område er ruta merka med raudt.
Følg sti til toppen av fjellet, retur same veg.

Kulturminne

Ved Julneset, 1,5 km før/etter start på turen til Julaksla er det kulturminner frå andre verdskrig.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Julsundet. 1,5 km etter passering av nedkøyring til fergekaia i Mordalsvågen.

Kvar kan du parkere?

Frå Molde: forbi nedkøyring til fergekai i Mordalsvågen og vidare vestover i ca 1, 5 km. Rundt ein krapp høgresving forbi nedkjøring til fergeleiet i Mordalsvågen og videre vestover ca. 1,6 km, og rundt en krapp høyresving. ca. 100 meter etter utgangen av denne svingen er det parkeringsplass på øversida av vegen.

Gå tilbake langs vegen i ca. 150 meter og stien startar i vegkanten.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
God sti 4,8
Lengde tur/retur (km) 5,2 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 75 40
Bratteste helning ned 75 40
Total stigning 500 Høydemeter

Offentlig transport

Du kan ta buss til og frå start/stopp.
Sjekk ruter på http://www.177mr.no

Mobildekning

ja

Kart

Turkart Molde