English

Jolbotn/ Kleiva

Fjord

Kort om turen

Ein flott tur gjennom fantastisk natur. På vegen mot Jolbotnen passerer du eit marmorberg i elva. Før du kjem til Kleivavatnet ser du dei høge fjelltoppane i vest. Mot nord ser du Tresfjord og fjorden utover. Ved skaret ned mot Dalskleiva har Tresfjord IL turkasse. Turkasse for Stordal ved sørsida av vatnet, der du også passerer Fantehammaren. 

Ruteskildring

Frå parkering ved Pusken går du på grusveg over brua og etter omlag 150 meter tar du til venstre. Fortsett på grusveg og ta av til venstre over brua. Vidare passerer du ein nedlagd fellesfjøs og ved enden av vegen starter råsa til høgre for elva. Turen til Jolbotn/Kleiva går gjennom lett stigande terreng og har god rås. I Jolbotn krysser du elva og fortsett på venstre side av elva. Turen fortsett vidare langs nordsida av Kleivavatnet. Vidare passerer du Fantehammaren, som du kan passere ved å gå over berget eller følgje vasskanten. Turkasse ved vatnet.

Tilbake kan du ta same ruta, eller gå ned Klevibabotnen til Pusken. Råsa er dårleg merka. Alternativt kan du gå Dalskleiva ned mot Øvstedal i Tresfjord.

Tilkomst og parkering

Frå Fv 650 på Mo, tar du av til fylkesveg og køyrer fram mot Overøye. Fortsett forbi skitrekket omlag 2 km til parkering ved brua på Pusken. Parkering kr. 50,- (automat).

Fottur
Blå
Lengde
6,6 km en vei
Stigning
314 m
Tidsbruk
4 t. 15 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
639 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10,8

Offentleg transport

Ikkje bussrute mellom Mo og Overøye. Sjå forøvrig bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Anna

Kart

Kart Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Automat
Køyreskildring
Print ut