English

Jarskar, rundtur Skarbø - Vestre

Ålesund

Kort om turen

På turen oppover mot Jarskar passerer du eit svært velholdt kulturlandskap, nydelege blomsterenger og hasselskog. Frå Jarskar har du flott utsikt over Storfjorden og Storfjellet på andre sida. Dette er ein idyllisk tur spesielt om ettermiddagen og kvelden. Turististskipa i kveldssola er eit imponerande syn. 

Ruteskildring

Parker ved Skarbø skule og gå opp i Skarbøfeltet. Etter ein skarp venstresving tek du av på ein skogsveg ganske bratt opp til høgre. På toppen av bakken går du til venstre forbi eit fint småbruk og held fram langs skogsvegen opp til postkassa som heng ved ei grind 1,7 km frå skulen. Her kan du snu om du ynskjer det, eller gjere turen til ein rundtur gjennom skogen på god rås / skogsveg over lia til du kjem ned på vegen på Vestre. Ta til høgre her og gå ned til hovudvegen. Følg gangvegen tilbake til Skarbø skule.

Tilkomst og parkering

Følg riksveg 650 til Skarbø skule. Parker på parkeringsplassen ved Skarbø skule. PS: Privat parkering på andre sida av vegen.
Fottur
Blå
Lengde
6,22 km en vei
Stigning
227 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
206 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 3,2
Sti 0,6

Offentleg transport

Buss mellom Sjøholt og Stordal. NB; - få turar pr. dag.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut