English

Jærmannburet rundt

Aukra

Kort om turen

Turen opp til Jærmannburet er ein lett og fin tur som passer for alle. Frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset kan ein trille barnevogn og rullestol opp til turkassen. Grusa veg. Flott utsyn mot Ormen Lange anlegget og Fræna kommune frå toppen. Fin rasteplass med benker og bord der turkassen er plassert. Infotavle. Turen kan også vere ei rundløype. Frå Stikk UT! posten kan ein følgje turstien vidare ned ein ganske bratt bakke, og vidare gjennom byggefelt på asfaltert veg. Ved leikeplass og gapahuk, tek ein mot høgre og ned mot hovudvegen. Gang- og sykkelveg tilbake til Hoksneskrysset og parkeringsplassen.

Ruteskildring

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Turen startar frå parkeingsplassen v. Hoksneskrysset. Dersom ein kjem kjøyrande med bil, følg skilt mot Nyhamna. Hoksneskrysset er ca. 2,5 km før Nyhamna. Sjå etter skilt Jærmannburet og sving til høgre. Parker ved Hoksneskrysset og følg grusvegen oppover. Eit stykke før du kjem til høgdebassenget ser du stien på høgre side som går vidare opp til toppen av Jærmannburet, 99 m.o.h.. Til venstre for høgdebassenget er det ein rasteplass der turboka er plassert. Turen opp til Jærmannburet er ein lett og fin tur som passer for alle. Frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset kan ein trille barnevogn og rullestol opp til turkassen. Grusa veg. Flott utsyn mot Ormen Lange anlegget og Fræna kommune frå toppen. Fin rasteplass med benkar og bord der turkassen er plassert. Infotavle.

Tilkomst og parkering

Turen kan f.eks starte frå parkeingsplassen v. Hoksneskrysset. Dersom ein kjem kjøyrande med bil, følg skilt mot Nyhamna. Hoksneskrysset er ca. 2,5 km før Nyhamna. Parkering ved Hoksneskrysset. Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Grønn
Lengde
2 km tur/retur
Stigning
68 m
Tidsbruk
40 min.

Løype på kart

Offentleg transport

Aukra Auto frå Molde til Hollingsholm og ferga over http://www.aukra.kommune.no

Lenke til turskildring

Kortreistartikkel om Jærmannburet
Køyreskildring
Print ut