English

Jærmannburet

Aukra

Kort om turen

Jærmannburet er med sine 99 m.o.h det høgste punktet på Gossen.Turen opp hit er ein fin tur som passar for dei fleste, ein startar på grusveg og ender opp på sti i terreng mot toppen. På toppen av Jærmannburet har du flott utsikt over heile Gossen, ein ser majestetiske fjell i øst mot Vestnes og himmelen som møter storhavet i vest.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen er det grusveg oppover mot toppen av Jærmannburet. Eit stykke før høgdebassenget, før grusvegen tar slutt, er det ein sti på høgre side av grusvegen som går mot toppen av Jærmannburet (99 m.o.h.). Følg denne stien til toppen av Jærmannburet.

Alternativ tur er å gå ein rundtur rundt Jærmannburet: Frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset føl ein grusvegen forbi stien (evt. ein tur til toppen av Jærmannburet først) og opp til høgdebassenget som ligg på 68 m.o.h. Her er det rasteplass med informasjonstavle, benkar og bord. Vidare kan ein følgje stien gjennom skogen og ned ein ganske bakke og vidare gjennom byggefelt på asfaltert veg. Ved leikeplass og gapahuk, tek ein mot høgre og ned mot hovudvegen. Gang- og sykkelveg tilbake til Hoksneskrysset og parkeringsplassen.

 

Tilkomst og parkering

Turen startar frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset. Dersom ein kjem kjøyrande med bil frå Aukra ferjekai, følg skilt mot Nyhamna/Ormen Lange anlegget. Hoksneskrysset er ca. 2,5 km før Nyhamna. Sjå etter skilt ved hovudvegen merka Jærmannburet. Oppmerka parkeringsplass ved Hoksneskrysset. Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Grønn
Lengde
0,83 km rundtur
Stigning
65 m
Tidsbruk
25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
99 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,5
Sti 0,5

Offentleg transport

Ferje Rute 31 Hollingsholmen- Aukra og buss. Sjå Framm.no for rutetider.

Lenke til turskildring

Kortreistartikkel om Jærmannburet
Køyreskildring
Print ut