Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Illstigvatnet i Storkaldhusdalen

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6

Lengde en vei (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt nedover Storkaldhusdalen mot Storfjellet 1821 moh.
Hytta ved Illstigvatnet
Første hengebrua på veg oppover Storkaldhusdalen

Illstigvatnet i Storkaldhusdalen

Fotograf: Kristi Linge Stakkestad

Kvifor gå denne turen?

Fin tur i lett terreng. Idyllisk med skjervar og furuskog, ei elv med små fossar og stille kulpar og fleire vatn.

Kvar i terrenget går turen?

Første stykket går ein langs vatnet (ca 1 km). I enden av vatnet er det litt myrlendt og det kan vere noko vått. Det er lagt ut stokkar å gå på på somme av dei våte partia. Når ein nærmar seg elva vert det meir skjervar og glissen skog. Vi kryssar råsa på ei bru og råsa held fram på høgre sida av elva. Det er lett og fint terreng med skjervar og furuskog. Råsa går langs elva, den er utruleg fin, små "fossar" med stille kulpar mellom. Litt lenger framme kjem vi til fleire små vatn, og her kryssar vi elva igjen på ei fin hengebru, lenger enn den første. Etter brua går råsa opp ein liten kneik, elles er det flatt fram mot Illstigvatnet.

Når ein kjem fram mot vatnet, ta av til høgre frå hovudråsa ned til vatnet. Turkassa finn vi på ei lita hytte der. Det er Tafjord Kraft - jeger og fiskeforening som eig hytta. Råsa går videre mot Slettdalen og Viavatnet. Dette er ei DNT-rute, og det er merka med raude T-ar både mot Geiranger og vidare innover i Tafjordfjella.

Dette er ein lett tur i ope terreng, og vi brukar 60 – 90 minutt i normal gange ein veg. Det er om lag hundre høgdemeter stigning, frå startpunktet til Illstigvatnet på 692 moh

Kulturminne

Ovanfor heimste (nedste) enden av Illstigvatnet kan ein finne restar av steinmurar, av ein gammal sæterstøl. Fjøset låg truleg øvst under ein hellar, og selet lenger nede. Dette ligg nær råsa. Det er ingen som veit noko særleg om denne sætra og kva ho heitte. Kjelder meiner at det eine bruket på Kaldhussætra kanskje brukte denne. Gamle papir viser at her var strid om beiterettar, rundt år 1900. Sætra er også nemnt i ei kjøpekontrakt frå 1851.
Ein kan lese meir om dette i Til Seters, setrar i Norddal (Valldal bygdekvinnelag, 2012).

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Valldal køyrer du gjennom Fjørå-tunnellen og innover mot Tafjord (12 km). Frå Tafjord er det om lag 10 km oppover til Kaldhussætra. Følg skilting. Køyr til enden av vegen, ved fremste Kaldhussætervatnet. Parkering ved Tafjord Kraft sin kraftstasjon, pass på at bilen ikkje er til hinder for trafikk til og frå stasjonen.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass i enden av vegen ved fremste Kaldhussætervatnet, ved inngang til kraftstasjon. Gratis parkering.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,8
Myr 0,2
Lengde tur/retur (km) 6
Lengde en vei (km) 3
Stigning meter grader
Total stigning 100 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Nei/delvis

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000