English

Ikornneset

Gjemnes

Kort om turen

Turen ut til Ikornneset går gjennom eit etablert frilufts- og fornminneområde. Området er tilrettelagt med toalett ved turstart, bord og benkar, badeplass og fine fiskeplassar, og det er sett opp fleire plakatar med informasjon om kva ein kan sjå og oppleve her ute.  Turmålet og turboka ligg på Vorpneset

Ruteskildring

Sjølv om dette er ein kort tur, er det stor variasjon i type terreng. Stien blir ikke brøytet.  Turen startar like til venstre for toalettet ved parkeringa. Herifrå er det om lag 200 meter med grusa turveg før du skal ta av til venstre langs strandkanten. Etter om lag 150 meter langs sjøkanten kjem du til turmålet. Her er det fint å tenne bål og å rast. Hugs å ta med avfall tilbake.

Tilkomst og parkering

Turen startar i Einnesvegen, ved det gamle meieriet på Høgset. Hit kjem du lettast med bil, men bussen mellom Molde og Kristiansund er eit godt alternativ, med stopp på E39 like ved Gjemnessundbrua. Kjem du frå Gjemnessundbrua og E39, følgjer du Fv279 (skilta Gjemnes og Eide) i knappe to km. Avkøyringa inn på Einnesvegen er skilta Ikornneset. Hald rett fram forbi innkøyringa til næringsanlegget og parker ved toalettet. Frå Eide er det vel 20 km langs Fv279 fram til Einnesvegen.

Fottur
Grønn
Lengde
0,34 km en vei
Stigning
3 m
Tidsbruk
15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
13 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

FRAM si ekspressrute mellom Volda og Kristiansund passerer Gjemnessundbrua. Herifrå er det 1,7 km å gå langs FV 279 til turstart i Einnesvegen. Sjå http://www.frammr.no/ for reiseplanleggar.

Anna

Det vil truleg vere geiter her på beite i løpet av sommaren. Vis omsyn. Det er sjeldan mykje snø i området, og turen er derfor tilgjengeleg store delar av året. Det kan likevel legge seg is, så broddar kan vere godt å ha.

Kart

Norgeskart-serien blad 035 Hustadvika og 128 Kristiansund-Sunndalsøra.
Køyreskildring
Print ut